Hopp til innhold

Feil på linjenettet mørkla Årdal

Ein feil på linjenettet har stogga straumtilførselen til Øvre Årdal og Årdal i ein time.

Hydro Aluminium Årdal Metallverk
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Bygdene vart mørklagde i 21-tida laurdag kveld. Også Hydro Aluminiumi Øvre Årdal vart råka av feilen.

Ein nær ein time var straumen tilbake.

– Vi er no i gang med oppstartsprosedyrane på verket. Ein time utan straum er ikkje eit dramatisk langt utfall for vår del, seier pressekontakt Erik Brynhilddsbakken hos Hydro i 22-tida.

Uviss feil

Pressevakt hos Statnett, Berit Erdal, sa like etter straumstansen at dei var i full gang med å lokalisere og rette feilen.

Like over klokka 22 melder Statnett på sine nettsider at transmisjonsnettet er reparert. Årsaka til utfallet er framleis ikkje kjent.

– Statnett fekk feil på kraftleidning mellom Leirdøla og Fortun kring klokka 21.05, og det medførde at Indre Sogn vart utan straum, opplyser Statnett.

Kritisk i 2016

Situasjonen vart kritisk for verket i Årdal då uvêret «Tor» tok straumen i tre timar i 2016. Då vart 38 av totalt 326 omnar øydelagde. Av desse måtte ni omnar skiftast ut, medan resten trengde reperasjon.

Når straumen forsvinn frå verket står aluminium i fare for å størkne i omnane eller elektrolyseceller.

– Vi avheng av kontinuitet i straumleveransen for å drive optimalt. Ein straumstans vil alltid vere alvorleg for oss, seier han.