NRK Meny
Normal

Brukar forsking feil - kan bli avgjerande om det vert sjødeponi eller ikkje

Dårleg forsking og feilvurderingar kan avgjere om det kjem eit sjødeponi i Førdefjorden, meiner universitetslektor Agnar Kvellestad.

Fjorddeponiet i Førdefjorden

SJØDEPONI: Store mengde gruveslam vil bli dumpa i eit sjødeponi i Førdefjorden dersom det vert gruvedrift i Engebøfjellet. Dårleg forsking kan vere med å avgjere dette, meiner universitetslektor

Foto: Illustrasjon: Nordic Mining

Dersom det blir gruvedrift i Engebøfjellet i Naustdal, vil store mengder gruveslam bli dumpa i eit sjødeponi i Førdefjorden.

– Rapportane er med å danne grunnlaget for konsekvensutgreiinga, og det er ikkje bra at det er slike feil i grunnleggande dokument, seier Agnar Kvellestad, Universitetslektoren frå NMBU veterinærhøgskolen som har gått gjennom forskingsrapportane.

Han meiner det er feil og mangel på kunnskap i rapportane om konsekvensane av eit sjødeponi i Førdefjorden som kan ha avgjort ei sak med stor miljørisiko.

– Eg har jo kompetanse på fagfeltet, og då tykkjer eg det er naturleg å seie ifrå om ein slik feilbruk av forskingsresultat, seier han.

For høge grenseverdiar

Det er særlig ein rapport frå Norges institutt for vassforsking han reagerer på. Her er det sett altfor høge grenseverdiar for kor mange gruvepartiklar det kan vere i ein liter vatn utan at sjølivet tek skade.

– NIVA refererer til forsøk der fisk vart eksponert for partiklar i vatnet, der 30 prosent av fisken døyr. Likevel hevdar NIVA at skadane på fisken var svært avgrensa. Dette henger ikkje saman. Ein kan ikkje døy av svært avgrensa skadar. Det gjeld både folk og fisk, seier Kvellestad.

Han meiner Niva har brukt forskingsresultat frå andre kjelder ukritisk, og at det er manglar.

Blant anna er det for lite kunnskap om kva konsekvensar 50 år med sjødeponi har, og korleis gruveavfallet påverkar fjorden.

Strekt grensene

I rapportane tykkjer Kvellestad det er sett altfor høge grenseverdiar for mengde gruvepartiklar det kan vere i vatn utan at det skadar.

– I NIVA-rapporten har dei hevda ein grenseverdi på 50 milligram per liter. Eg meiner den er altfor høg og strider mot eksisterande kunnskap. Her ser det ut som at NIVA har strekt grensene oppover, seier han.

Feil å bruke éin rapport

Trine Dale er forskar hjå NIVA og har skrive ein av rapportane Kvellestad er kritisk til. Ho meiner det blir feil av han å trekt ut ein liten del av ein rapport som er basert på over hundre anerkjente artiklar med ulike resultat.

– Vi har oppgitt kor mange prosent av fisken som døydde, og kva for ikkje-dødelege skadar som var der i tillegg. Vi kan ikkje sjå at måten vi har brukt arbeidet på har undervurdert skadeomfanget i studiet. Så eigentleg er vi ueinig i at han har henta ut eitt arbeid ut av så mange i ein litteraturstudie, og i tillegg er eg ikkje einig i måten han hevdar at vi har referert til det arbeidet, seier ho.

Dale påpeikar at dei ikkje har sett nokon grenseverdi for kor mange gruvepartiklar det kan vere i ein lite vatn, men at i ein av rapportane kan det sjå ut som det gjer det.

– Der seier ein noko slikt som at den lågaste konsentrasjon for negativ påverknad ser ut til å vere 50 milligram per liter. Det kan oppfattast som ein grenseverdi, forklarar Dale.

Forske på nytt

Forskaren er einig at det trengst meir forsking og kunnskap om sjødeponi, noko dei òg har påpeika i alle av rapportane.

– Ein må ta i betraktning at denne rapporten faktisk er ei oppsummering av kva vi har dokumentasjon på så langt. Og då tenkjer vi at det må vere akseptabelt å referere til kva forskinga viser til så langt, når ein samstundes seier at dette datagrunnlaget har sine svakheiter, og at det er naudsynt med oppfylgjande studiar, seier Dale.

Agnar Kvellestad meiner NIVA bør gjere forskinga på nytt igjen. Og viss det skal settast ei grense på kor mykje gruvepartiklar det skal vere i Førdefjorden, bør den vere langt lågare enn dei tala rapportane brukar.

– Dette er eit utslepp som kanskje varar i 50 år, og i forhold til kva krav ein i alle desse åra skal stille til vasskvalitet i fjorden vert grenseverdiar sentralt. Eg tykkjer at NIVA skal vurdere å trekke tilbake den rapporten og vurdere grenseverdiar på nytt, seier han.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast