Hopp til innhold

Feil bruk av dashbordkamera kan straffast

Fleire bilistar skaffar seg dashbordkamera i frontruta. Politiet og Datatilsynet åtvarar mot overdriven bruk og deling i sosiale medium utan anonymisering.

Dashbordkamera vert meir og meir populært

FLEIRE SKAFFAR SEG KAMERA: Henrik Årdal Øen frå Euronics i Førde viser korleis eit dashbordkamera kan installerast. Kameraet dei sel mest av byrjar automatisk å filme når ein skrur på tenninga eller i ein kollisjon.

Foto: Espen Breivik / NRK

Euronics seljar med kamera

Henrik Årdal Øen visar fram dashbordkameraet dei sel mest av.

Foto: Espen Breivik / NRK

– Vi merkar større pågang etter at det vart tydeleg for folk at det ikkje er ulovleg å bruke kamera som dette til dokumentasjon, seier Henrik Årdal Øen, seljar for Euronics i Førde.

Fleire elektrovarekjeder har opplevd ein auke i sal av dashbordkamera den siste tida.

Denne veka har NRK vist farlege trafikksituasjonar, dokumentert med dashbordkamera. Slike opptak er også brukt i straffesaker. Euronics-seljaren forstår behovet blant sjåførane.

– Folk opplev situasjonar i trafikken kvar dag. Det kan vere greitt å ha dokumentasjonen til politiet på plass, i staden for at det vert ord mot ord.

Datatilsynet: Ikkje legg ut utan å anonymisere

I sosiale medium er det fleire tilfelle av videoar og bilete frå trafikken, tatt med dashbordkamera eller andre formar for overvaking.

Gullik Gundersen, juridisk rådgiver i Datatilsynet

KAN STRAFFAST: Gullik Gundersen i Datatilsynet fortel at deling av videoar kan vere i brot med personvernet.

Foto: Datatilsynet

Rådgjevar i Datatilsynet, Gullik Gundersen, åtvarar mot å dele bilete eller video der informasjon om enkeltpersonar kjem fram. Dette kan vere i strid med personvernet.

– Ein bør for eksempel unngå å vise andre bilar sitt registreringsnummer. Det er jo uansett situasjonen og ikkje kven som har gjort det som er interessant.

Konsekvensen kan vere pålegg om å fjerne innhaldet eller gebyr som må betalast av den som har delt innhaldet.

Politiet: Ei ulempe om folk opptrer som kontrolletat

UP-sjef Runar Karlsen

POLITIET HAR ANSVARET: UP-sjef Runar Karlsen ber folk om å ikkje overdrive bruken av overvaking.

Foto: NRK

Politiet kan ha nytte av dokumentasjon frå bilvindauget, men UP-sjefen vil ikkje oppfordre folk til å skaffe seg dashbordkamera.

– I enkelttilfelle kan kamera sjølvsagt vere med på å opplyse ei sak, men det er ikkje heldig om folk vert meir oppteken av dette enn å passe på si eiga sikre køyring, seier Runar Karlsen.

Han peiker på at det er politiet, og ikkje enkeltpersonar si oppgåve å dokumentere lovbrot i trafikken. UP-sjefen er også skeptisk til det å stole blindt på videoar frå frontruta.

– Det finnast ulikt utstyr av ulik kvalitet. Det er ikkje alltid at dette gir det riktige eller totale bilete av ein situasjon, seier han.

Også NAF peikar på at bevisverdien ved bruk av kameraopptak kan vere avgrensa.

– Vi har fri bevisomdømming her i landet og kameravinklar kan la vere å fortelje heile sanninga. Vi har også lite praksis på dette i Norge og bevisa vil kunne vere avgrensa, seier advokat og seniorrådgjevar André Fimreite i NAF.

For mange dingsar på dashbordet kan gå ut over trafikksikkerheit

TRAFIKKFARLEG: For mange instrument på dashbordet kan vere farleg og kan straffast etter lova om vegtrafikk.

Foto: NAF

NAF ser at bruken av dashbordkamera kan ha fleire positive sider, men at feil plassering av utstyret også kan gå ut over trafikksikkerheita.

– Om ein installerer fleire og fleire instrument på dashbordet vil det kunne hindre både utsyn og ikkje minst merksemda til sjåføren.

Dette kan straffast av lov om vegtrafikk, dersom det forstyrrar sikker køyring.

Farlege forbikøyringar er daglegdags for yrkessjåførar.

Sjå TV-saka om yrkessjåførar som dagleg kjem opp i farlege forbikøyringar.