Hopp til innhold

Fedme-opererte får det ikkje betre

Overvektige som er blitt opererte får det ikkje betre meg seg sjølv, seier leiar i støttegruppa for fedmeopererte.

Fedme
Foto: Scanpix

Det er snart ti år sidan sentralsjukehuset i Førde begynte å utføre fedmeoperasjonar, og fagfolket kan no sjå langtidsvirkningane.

Utfordrande tid i etterkant

Sølv om pasientane er begeistra, byr tida etter operasjonen på store utfordrinar, ifølge fysioterapeut Eli Natvik. I november er mastergradsoppgåva til Natvik om pasientane sine opplevingar vel fem år etter operasjonen- ferdig.

- Sjølv om du går ned i vekt, så må du jobbe med deg sjølv på mange område i livet i etterkant. Forutan vekta er livssituasjon ganske lik som tidlegare, seier Natvik.

- Psyken held deg tilbake

Då pila peika på 193 kilo såg ikkje Geir Henning Hansen nokon annan utveg enn å ta ein fedmeoperasjon.

Som leiar for støttegruppa for dei fedmeopererte er han einig i at ein ny kvardag kan vere vanskeleg å meistre. For sjølv om kroppen ikkje lenger er til hinder, kan psyken halde ein tilbake frå å leve det livet pasienten hadde tenkt skulle kome etter operasjonen.

- Ein kan bli litt inneslutta, og mange kvir seg fortsatt for å gjere ting som ein ikkje kunne gjere når ein var overvektig.