Hopp til innhold

Varmt februarvêr lokkar fram hoggorm - hund vart biten

Sola skin i fjellsida og varmar opp stein og kratt. Det er ein perfekt dag for ein gåtur. Men blant steinane lurer farane. Hoggormen har vakna frå vinterdvalen.

Hoggorm og hund - montasje

UBLIDT MØTE: Det vart eit vondt møte for hunden til høgre då den trefte på ein somarklar hoggorm i Florø. Det varme vêret lokkar dei hissige og svoltne ormane fram frå vinterdvalen.

Foto: Helen Hansen og Veterinærkontoret i Førde AS

– Hoggormen er dritlei vinteren den også. Den har lege i dvale, og har ikkje ete noko sidan hausten. Med ein gong det vert litt varme i steinura vil den ut og få varme i kroppen, forklarer veterinær ved Førde veterinærkontor, Terje Negård.

Kan døy

Tysdag denne veka fekk kontoret inn det første hoggormbitet for sesongen, skriv firda.no. Ein hund hadde vore uheldig og stukke nasen borti ein hoggorm som låg og sola seg.

– Når sola skin på hoggormen stig kroppstemperaturen, og den byrjar å sjå seg om etter byttedyr og vil få seg mat, seier Negård til NRK.no.

Det går bra med hunden som denne veka vart biten under ein gåtur i Florø. Eigaren tok med seg dyret til veterinær, slik ein er råda til å gjere om dyret er bite. Om ein let vere, kan eit hoggormbit få fatale følger.

– Eg har vore borti store hundar på 40 kilo som har dødd av hoggormbit. Det er viktig å kome til veterinær så fort som muleg, seier Negård.

Hoggormen er i varmen

At hoggormbit er eit sommarfenomen er ei misforstått oppfatning ifølgje veterinæren. Mars og april er dei månadene det skjer flest hoggormbit. For å unngå hoggormbita er det nokre få råd som kan minske risikoen.

– På denne tida er hoggormen å finne i sørhellingar, der det er litt varme. Og han vil gjerne ha litt vatn og vekslande levetilhøve, fortel veterinæren.

Om vêret på Vestlandet skulle bli kaldare att i tida framover, og frosten kjem tilbake, så vil ikkje hoggormen døy av kulde heilt utan vidare. Den finn som oftast vegen ned att til holromma under bakken. Om holromma derimot vert fylte med vatn gjennom ein mild vinter, og dette vatnet seinare frys til is, kan mange ormar døy.

Negård er spent på om årets vinter har bidratt til at hoggormtalet har gått ned. Om så er tilfellet kan hundane i Sogn og Fjordane gå ein lukkeleg sommar i møte.