Hopp til innhold

Fått lapp på døra?

Politiet ber folk i Årdal om å vere merksame på lappar som heng på døra, eller som er festa i dørsprekkar. Dei har fått meldingar frå to i same bukompleks som har oppdaga dette. – Det kan vere ein framgangsmåte for å sjekke om nokon er heime. Det er ikkje sikkert at det er tilfellet, men det er alltid greitt å tenke over det, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Tatjana Knappen.