Hopp til innhold

Måtte evakuere sju personar då det fatna i vaskemaskin

Alle leilegheitene i Stenehjemsbygget i Sogndal vart evakuerte då det fatna i ei vaskemaskin i første etasje i bygget.

Sperring

SPERRA AV: Området er no sperra av. Politiet skal sjå nærare på åstaden seinare i dag.

Foto: Arve Uglum / NRK

– Klokka 06.03 fekk vi melding om røykutvikling i eit bygg sentralt i Sogndal. Det var ein god del røyk inne i bygget, seier vaktleiar ved 110-sentralen i Sogn og Fjordane, Frode Eide.

Då brannvesenet kom til staden, synte det seg at det hadde vore eit branntilløp i ei maskin i første etasje i det fem etasjar høge bygget. I bygget er det fem hyblar og to leilegheiter.

– Med loft og kjellar vert det fem etasjar, seier Eide.

Kunne fort ha utvikla seg

Det er næringslokale i første etasje, resten av bygget er leilegheiter og hyblar. Eide fortel at røyken flytta seg rundt i bygget.

– Det var ein god del røyk,og det vart sett i verk evakuering av bygget, seier Eide.

Brannen vart meldt av ein privatperson som skal ha oppdaga at det rauk frå bygninga.

Eide understrekar kor viktig det er at branntilløpet vart meldt tidleg.

– Dette kunne fort ha utvikla seg viss vi ikkje hadde vore så tidleg på plassen med ressursar. Det er bra at det vart oppdaga så tidleg, seier Eide.

(Artikkelen held fram under biletet)

Stenhjemsbygget

I SENTRUM: Stenhjemsbygget ligg midt i Sogndal sentrum.

Foto: Arve Uglum / NRK

Truleg røykskadar på bygget

Det skal ikkje ha vorte store synlege skadar på bygget.

– Når det gjeld sjølve brannen, så vart det ikkje veldig store skadar. Eg trur det var mest på den maskina som tok fyr, seier Eide.

Men han understrekar at det likevel kan vere snakk om røykskadar i bygget.

Han kjenner ikkje til om folk får flytte tilbake i leilegheitene i dag.

– Det er det politiet som må ta stilling til, seier Eide.

Politiet har sperra av staden, og ventar til utpå føremiddagen før dei gjer åstadsgranskinga.

– Det er såpass mykje røyk og giftige gassar i lokalet, at vi ikkje tek nokon sjansar med det. Vi gjer våre granskingar så fort det let seg gjere, seier operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Synnøve Domben.