Hopp til innhold

Då Kai-Roger skulle skaffe fastlege til familien, var det lettare sagt enn gjort...

Då heimflyttar Kai-Roger Kolseth prøvde å skaffe fastlege i Eid til familien, møtte han utfordringar. Her er listene nemleg fulle. Og det kan dei halde fram med å vere i lang tid framover.

Kai-Roger Kolseth med lista som syner null ledige fastlegar

INGEN Å VELJE BLANT: Kai-Roger Kolseth og familien har ingen ledige fastlegar å velje blant.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Det er veldig dumt at dei reklamerer for kommunen med at ein skal flytte hit, og så har ein ikkje tilbod. Det er spesielt småbarnsfamiliar som har eit stort behov, seier heimflyttar Kai-Roger Kolseth.

Kolseth, sambuaren og sonen på 6 månader har budd 3 veker i Eid. Då ingen av dei 6 fastlegane hadde noko ledig tok Kolseth kontakt med kommunen.

– Då fekk eg ein e-post tilbake om at dei hadde løyst ut 17 plassar. Problemet var at det var ein lege vi kjende, så då kunne vi ikkje gå for det, seier Kolseth.

– Kva har skjedd med dei 17 plassane?

– No er dei vekk, seier Kolseth.

Eid er verst i klassen

Legekontoret melder om sprengd kapasitet og legar som allereie har svært mange på listene sine. Eid er verst i klassen i fylket. I Naustdal kommune er det no åtte ledige plassar hjå éin fastlege.

I dei fleste andre kommunar er tilbodet langt større. Etter lova har alle innbyggjarar rett til å stå på ei liste hjå ein fastlegeavtale, og det er kommunen sitt ansvar å syte for at det er stor nok kapasitet blant fastlegane.

– Det handlar om at ein har ein lege som kjenner historikken, slik at ein slepp å gjenta seg sjølv kvar gong. Det handlar også om tryggleik, seier Kolseth.

Kan ikkje love at det vert prioritert

Eid-ordførar Alfred Bjørlo kjenner problematikken godt.

– Vi ser at vi har mangel på to ting for innflyttarar, som vi må få på plass. Det eine er ledig barnehagekapasitet, og det er meir fastlegekapasitet, seier Bjørlo (V).

Men fleire legar kostar pengar. Bjørlo kan ikkje love at fastlegeordninga blir prioritert i det komande budsjettarbeidet.

Alfred Bjørlo (V) under fylkestinget i Førde 12. mai 2013.

KOSTAR PENGAR: Eid-ordførar Alfred Bjørlo kan ikkje garantere at kommunen finn midlane som trengst til å auke fastlegekapasiteten i kommunen.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Desse tinga ligg på raudlista vår når vi skal lage nytt kommunebudsjett. Vi er klar over at vi bør ha meir kapasitet på fastlegar, men før vi klarar det er det sjølvsagt slik at ein skal få naudsynt legehjelp når ein treng det, seier Bjørlo.

Kolseth håpar ting ordnar seg raskt.

– Det er klart det bør vere på plass. Helse er noko av det viktigaste vi har, seier Kolseth.