Hopp til innhold

Fastlege fekk åtvaring for krenking

Ein fastlege i Sogn og Fjordane har fått ei åtvaring frå Statens Helsetilsyn etter at legen har sjikanert ein pasient og pasienten sin familie. Legen har òg snoka i pasientjournalar utan tenesteleg grunn. Legen vart først meld til politiet for dette, og har vedteke bot for forholda, ifølge fylkeslegen.