Fartssyndar må ta beina fatt

Ein mann busett i Sunnfjord må klare seg utan førarkort i seks månader. Mannen i 30-åra vart i mai i år målt til 126 kilometer i timen i 80-sona ved Hovland i Flora. Fengselsstraffa på 14 dagar blir gjort på vilkår, med prøvetid på to år. Han må også betale 12.000 kroner i bot.