NRK Meny
Normal

UP mot fartsbøller med ny laser

Fotoboksar hjelp lite i verdas lengste tunnel.

Video Mange fartsoverskridingar trass i fotoboksar

I Lærdalstunnelen er ein billist målt med 193 kilometer i timen. Det er den høgaste målinga ein fotoboks har gjort her i landet.

- Skremmande

- Dette er av dei tunnelane der det vert køyrd hardast, og det syner våre eigne kontrollar også. Det er skremmande når folk byrjar å nærma seg 200 kilometer i timen, med dei konsekvensane det kan få, seier Agnar Drægelid, UP i Sogn og Fjordane.

(Artikkelen held fram under tabellen)

De ti verste fotoboksavsløringene i Sogn og Fjordane politidistrikt

Sted

Hastighet

Fartsgrense

Over fartsgrensa

Kjønn

Alder

E16 Lærdalstunnelen

193

80

113

Mann

20

E16 Lærdalstunnelen

190

80

110

Mann

25

E16 Lærdalstunnelen

151

80

71

Mann

20

Naustdal

143

80

63

Mann

36

E16 Lærdalstunnelen

135

80

55

Mann

23

Rv 5 Fodnes

135

80

55

Mann

31

E16 Gudvangen

134

80

54

Kvinne

18

E16 Lærdalstunnelen

132

80

52

Mann

27

E16 Lærdalstunnelen

130

80

50

Mann

31

E16 Lærdalstunnelen

130

80

50

Mann

21

Ein 20- og ein 25-åring toppar lista over fartssyndarar med tilhøvesvis 193 og 190 kilometer i timen - begge i Lærdalstunnelen. I det store og heile er menn mellom 20 og 30 år gjengangarane på lista.

Ikkje berre fotoboksar lengre

Men no har politiet fått eit nytt våpen i kampen mot farssyndarane. Med nye og betre lasermålarar kan politiet måla fart til og med i dei lengste tunnelane.

- Ein del spelar på dette at det ikkje er andre kontrollar i tunnellar enn fotoboksane. I høve den gamle laseren me hadde, gjev den nye laseren oss langt større høve til å vera meir fleksible. Då får me retta kontrollane meir inn mot verstingane, seier Drægelid.

Vegopning på Bergum i Førde kommune