Hopp til innhold

Farnes blanda seg inn i toppen

Med ti av 12 moglege poeng, klatra Farnes skule i Årdal heilt opp i tetsjiktet i den store Klassequizen.

Glen Tony Lie, Edin Øy og Edvard Merkesvik

TIL TOPPS: Glen Tony Lie, Edin Øy og Edvard Merkesvik tok Farnes skule inn blant dei beste i fylket i Klassequizen.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Glen Tony Lie, Edin Øy og Edvard Merkesvik sette seg høge mål då NRK og Erlend Blaalid Oldeide kom til Farnes skule med spørsmåla.

– Vi skal vise at Farnes skule har kunnskapsrike elevar, og setje skulen på kartet. 12 av 12 er målet, men det blir ikkje lett, slo Øy fast før dei trekte kategoriane «brotsverk», «sur» og «bil».

Skal øve til semien

Men allereie på det andre spørsmålet i første kategori vart det klart at heller ikkje Farnes skule ville bli dei første med full pott. Elevane snubla på spørsmålet om kva mafiaboss frå New York som vart kalla Scarface. Det rette svaret her var Al Capone.

Etter full pott på andre kategori og tre poeng på siste, var dei likevel nøgde etter ti av 12 poeng.

– Vi har sett på dei andre, og dei beste har ti poeng. No er det om å gjere å øve fram mot semifinalen, dersom vi kjem så langt, sa dei.

(Artikkelen held fram under biletet)

Guttorm Ohnstad, Vegar Aaserud Tønnessen og Martine Gudvangen Gjerløw

MISNØGDE: Guttorm Ohnstad, Vegar Aaserud Tønnessen og Martine Gudvangen Gjerløw var ikkje heilt nøgde med sju av 12 moglege poeng.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Skuffa aurlendingar

I dagens runde av Klassequizen duellerte elevane frå Årdal med Aurland skule. Også der vart lista lagt høgt før spørsmåla vart stilte.

Dei leverte god innsats, og enda til slutt med sju poeng. Kategoriane dei trekte var «bygg», «røvar» og «hysteri».

– Det er heilt forferdeleg. Vi burde klart betre, men det var vanskelege spørsmål. Det var det, sa Vegar Aaserud Tønnessen, Guttorm Ohnstad og Martine Gudvangen Gjerløw.

Trio på topp

Dermed er det Kvåle skule i Sogndal, Farnes skule i Årdal og Vassenden skule i Jølster som førebels ligg best an her i fylket.

I alt 27 skular konkurrerer om å gå vidare til den nasjonale finalen som skal arrangerast i Oslo.

Spørsmåla Farnes skule fekk

Kategori 1, brotsverk

1) Kva land kjem TV-krimserien «Forbrytelsen» frå? Rett svar: Danmark.

2) Kva heiter mafiabossen frå New York som vart kalla «Scarface»? Rett svar: Al Capone.

3) Kva kallast personen som representerer påtalemakta i ei straffesak? Rett svar: Aktor.

4) I Sogn og Fjordane er det langt mellom drapssakene, men i 2004 vart to unge kvinner drepne, den eine i Førde. På kva stad i fylket vart den andre unge kvinna drepen det året? Rett svar: Sogndal.

Kategori 2, sur

– Kva er måleininga for surheitsgrad i vassløysinga? Rett svar: PH.

– Kva for nokre to frukter gir smak til brusen «Sprite»? Rett svar: Sitron og Lime

– Kva heiter kunstnaren som har laga statuen «Sinnataggen» i Frognerparken i Oslo. Rett svar: Gustav Vigeland

– Årdalspolitikaren Hilmar Høl vart i august i år sur på ein blogg om aluminiumsindustrien. Kven hadde skrive bloggen? Kjartan Longva, Anne Viken eller Georg Arnestad? Rett svar: Georg Arnestad

Kategori 3, bil

– Om ein bil køyrer 350 kilometer, med snittfart på 70 kilometer i timen. Kor lang tid tek turen? Rett svar: 5 timar

– Kva for eit nasjonsteikn køyrer bilane i Spania med? Rett svar: E

– Kva bilprodusent har modellen RAV 4? Rett svar: Toyota

– Den første bilen som køyrde i Sogn og Fjordane vart køyrt av ein nederlendar som heitte Beduin. Det skjedde i 1901, men kva kommune kom han til då han kryssa fylkesgrensa? Rett svar: Lærdal

Spørsmåla Aurland barne- og ungdomsskule fekk:

Kategori 1, bygg

– Kva europeisk by ligg katedralen Notre-Dame? Rett svar: Paris

– Empire State building i New York er 381 meter høg kor mange millimeter er det? Rett svar: 381 000

– Kva vart kongane som vart gravlagd i pyramidane i Egypt kalla? Rett svar: Farao

– Denne bygningen i Sogn er bygd rundt 1130 og er i Unesco si verdsarvliste. Kva bygning snakkar vi om? Rett svar: Urnes

Kategori 2, røvar

– Kva heiter tre røvarane Kardemommeby? Rett svar: Kasper, Jesper og Jonathan.

– Kva norsk fugl er kjend for å legge egga sine i andre reir? Rett svar: Gauken

– Kor mange røvarar møter Alibaba i eventyret? Rett svar: 40 røvarar.

– Ein kjend forbrytar, fødd i Sogndal i 1791, skreiv bok om seg sjølv. Det er laga film og song om han. Kva heiter han? Rett svar: Gjest Baardsen

Kategori 3, hysteri

– Kva for eit plateselskap var ansvarleg for konserten då Justin Bieber besøkte Oslo i mai? Rett svar: Universal

– Frå kva kroppsdel stammar ordet hysteri frå, livmor, auge eller tunge? Rett svar: Livmor

– Kva er ein redd for om ein lir av araknofobi? Rett svar: Edderkoppar

– Tre slektningar frå Stryn var med på noko som skjedde i Frankrike i 1998, og som skapte bortimot hysteriske tilstandar også her i Sogn og Fjordane. Kva var det som skapte slike reaksjonar då i Frankrike i 1998? Rett Svar: Norge slo Brasil i fotball-VM