Sjå bilete frå flaumen og uvêretSjå også naturkatastrofane
Jordskredet som tok liv i Bergen i går kom truleg som følgje av det intense regnet som skapte flaum fleire stader her i fylket. I Brekke vart det sett nedbørsrekord, og ein kom tett på det punktet skredforskarane reknar som kritisk for utløysing av jordras.
- Di meir konsentrert nedbøren er, di farlegare er det, seier Sandersen.
Varmare, villare og våtare
Og at denne ekstreme vêrtypen blir vanlegare her omkring, stadfestar klimaforskar og direktør ved Nansensenteret i Bergen, Ola M. Johannesen.
- Ved aukande drivhusgass så vert lågtrykka kraftigare, og det vert meir regnver. Klimaendringane vil altså føre til varmare, villare og våtare vêr på Vestlandet, fortel han.
Må tenkje nytt
Det får farlege følgjer i eit fylke som vårt, med mange bratte og jorddekte fjellsider tett på folk. På lang sikt meiner Frode Sandersen ved NGI at ein må tenke nytt om kvar det er trygt å byggje hus.