Om kommunen ikkje gjer noko, kan det føre til erstatningsansvar. Rådmann Reidun Halland er uroa. - Problemet er at dei forfell over tid, og når vi står som eigar, må vi ha ein strategi på korleis vi skal vedlikehalde dei, seier ho.
Mindre brukte
Gulen kommune har no ansvar for 18 kaiar, men vegutbygging har ført til at dei blir mindre brukte enn før. For mange av kaiane er det naturleg at andre overtek vedlikehaldet. - Vi tek no kontakt med grunneigarar og lag og organisasjonar som vi trur kan ha interesse av å overta kaiane, seier rådmann Reidun Halland.