Hopp til innhold

Farleg sjømat frå Høyangerfjorden

Mattilsynet åtvarar no mot å ete sjømat frå heile Høyangerfjorden.

Blåskjell
Foto: Rainer Prang / NRK

Seniordrådgjevar i Mattilsynet, Bente Lien, seier at prøvar som er gjorde syner høge verdiar av tungmetall i blåskjell. I tillegg til blåskjell åtvarar dei mot fiskelever og brun krabbeinnmat.

I første omgang åtvarar Mattilsynet mot å ete fiskemat frå fjorden innanfor ei rett line mellom Nordeide og Måren.

Gamle utslepp

- Det var i samband med granskinga av eit utslepp får Eras Metall i september i fjor at målingane blei gjort, seier Lien. 4000 kilo med sinkoksid som innheldt 30 bly gjekk då i fjorden. Lien seier at dei høge verdiane som no er målte neppe skuldast utsleppet i fjor åleine.

Avventar nye målingar

Svein Arne Forfod som miljøvernleiar i Høyanger er overraska over dei høge verdiane som no er målte.

- Målingane no viser like store verdiar som det som blei målt i Sørfjorden i Hardanger, då det for 15-25 år sidan blei åtvart mot å ete fisk derifrå.

Han seier dei no må avvente nye målingar frå Statens Foureiningstilsyn før dei bestemmer seg for kva dei skal gjere. Han utelukkar ikkje at det også kan bli aktuelt å ta nye prøvar lenger ut i fjorden.