Norge har framleis dumpingskuldingar hengande over seg som vil råka Norge einsidig.
- Vernetiltaka råkar også vår hardaste konkurrent Chile. Difor er vi betre tente med vernetiltak enn dumpingtiltak, seier Søraa.
To ulike saker
EU innførte vernetiltak - også kalla safeguard - mot Norsk laks for kring to veker sidan, der det vart innført minstepris. Dette har Noreg kjempa imot.
Parallelt med saka går ei dumpingsak mot Norge. Storbritannia står i spissen for både dumpingssaka og saka om vernetiltak, medan Danmark er imot.
Blair kan ikkje tape begge
Truleg vil ikkje Storbritannia og statsminister Blair godta å svelgje den kamelen det er å tape begge saker rett framføre eit val. Spørsmålet er difor om ein ved å kjempe mot vernetiltak faktisk kan bidra til langt meir dramatiske dumpingtiltak.
- I og med at den saka er uavklara, så er sjansane for det absolutt til stades, seier Søraa.
Glede
Etter at Danmark i går anka saka om vernetiltak frå EU mot norsk laks, har dei mange innan næringa uttrykt glede. Også utanriksminister Petersen sa han var nøgd med utviklinga i saka.
Men Søraa som til dagen er administrerande direktør for eksportselskapet Coast Seafood er langt mindre entusiastisk.
- Safeguardsaka endrar ikkje marknadstilhøvet mellom Chile og Noreg, som er dei to største lakseprodusentane. Difor er vi på sett og vis sikra den same marknadsandelen som vi har hatt dei siste åra. Men ved ein dumpinganklage er det skuldingar som er retta einsidig mot Noreg, seier Søraa.