NRK Meny
Normal

Farleg Høyanger-sjømat

Mattilsynet åtvarar mot sjømat frå Høyangsfjorden.

Høyanger
Foto: Gunnar Sigmar Håre

Etter eit utslepp i 2006 vart verksemda ERAS AS pålagt å analysere sediment og skjell for å undersøkje konsekvensane.

Då vart folk òg åtvara mot sjømaten i påvente av ytterlegare informasjon. Ein ny rapport frå Statens forrureiningstilsyn syner at det framleis er høgt innhald av tungmetalla bly og kadium i ein del sjømat.

Miljøgiftene hopar seg opp i nyrene, og kan øydeleggje nervesystemet. Små barn og foster er mest utsett.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.