NRK Meny
Normal

Slik set dei fokus på brystkreft

Seint torsdag kveld var omsider skywalken mellom handelshusa i Førde farga rosa. Slik skal dei setje fokus på brystkreft i heile oktober månad.

Rosa skywalk

ROSA: Slik ser skywalken ut på kveldstid.

Foto: Johan Moen / NRK

– Det har vore ein langt større jobb enn vi først trudde, men no er vi i mål, seier leiar for Brystkreftforeninga i Sunnfjord, Ester-Johanne Sande.

Mange rullar rosa film og minst 20 bhar bidreg til at himmelbrua mellom to av kjøpesentera i fylkessenteret kjem til å lyse rosa i heile oktober.

– Det er første gong vi gjer noko slikt her i fylket, seier Sande, som håper dette kan bidra til eit auka fokus på sjukdommen som kvart år tek mange liv.

Folk gav vekk bhar

Ho har skaffa alle bhane ved hjelp av velvillige folk som har donert, samt litt hjelp frå eit par butikkar.

– Vi kunne sikkert hatt fleire, men det vart flott tykkjer eg. Eg er stolt over resultatet, seier Sande.

Kvart år vert om lag 2750 kvinner ramma av brystkreft. Det betyr at kvar 12. kvinne vert ramma av sjukdommen i løpet av livet.

Talet på brystkreftramma har vore stabilt dei siste åra, og stadig fleire av dei som vert ramma, overlever.

(Artikkelen held fram under biletet)

Rosa sløyfe

GAV BORT: Fleire har donert bhar til dekorasjonen på skywalken.

Foto: NRK

Treng meir forsking

I dag er 88 prosent av alle brystkreftpasientar i live fem år etter at dei har fått diagnosen. Men det er ei tøff behandling som må til.

Difor håper ein at meir forskinig på betre diagnostisering vil føre til at fleire får ei personleg tilpassa kreftbehandling, og at færre vert overbehandla.

Rosa sløyfe-aksjonen har som mål at endå fleire skal overleve, og at dei som vert behandla for brystkreft skal få færre biverknader og langtidsfølgjer av behandlinga.

Fann kul som nybakt mamma

Onsdag fortalde Åse Frøydis Nilssen si historie på NRK om korleis ho oppdaga kreften.

– Eg kjende sjølv ein kul i brystet mitt, eg amma framleis minstejenta mi og handterte brysta dagleg, så då var det plutseleg ein kul eg ikkje hadde lagt merke til før, fortel Nilssen.

Midt i gleda over å vere småbarnsmor måtte ho ta opp den tunge kampen mot kreften.

– Det var forferdeleg, eg gjekk i eit slags vakuum eller ei boble, eg fungerte på eit vis heime, og kvardagen gjekk som han hadde gjort, men det indre var på ein heilt annan planet, seier Nilssen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Åse Frøydis Nilssen

TØFF TID: Fembarnsmora Åse Frøydis Nilssen fortel ope om det å ha kreft.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Ei tøff tid

Fembarnsmora måtte fjerne det eine brystet og har vore gjennom nokre beintøffe cellegiftkurar. Midt i kampen mot kreften kjenner ho på dårleg samvit.

– Eg greier ikkje vere den mora eg så gjerne skulle ha vore. Eg greier ikkje stille opp på alt, eg må ta omsyn til korleis forma er. Når eg ligg på sofaen og minstejenta kjem og vil kose og herje og eg berre må dytte ho vekk, er det frykteleg vondt og tungt for meg.

Rosa sløyfe på operahuset i Nordfjord

ROSA SLØYFE: Også på Operabygget i Nordfjord blir aksjonen markert. Ei stor rosa sløyfe lyser opp i mørket.

Foto: Privat

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast