NRK Meny
Normal

Faren for storflaum isolerer dei frå omverda

Både håpefulle barn og hyttestyrarar merkar allereie konsekvensane av jøkulhlaupen og faren for enorme vassmengder ned Fortunsdalen i Luster.

Lars Finskud og Maj-Britt Finskud

FORTVILA: Lars Finskud og kona Maj-Britt Finskud fortvilar over vegstenginga. Når hytta endeleg skulle fyllast opp, kom den bitre nedturen.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Vi hadde ei gruppe på 20 personar frå Barnas Turlag som skulle kome oppover i morgon. Det hadde betydd mykje for hytta vår, seier styrar på Nørdstedalseter, Lars Finskud.

Han og kona Maj-Britt har hatt ein sommar med dårleg hyttebesøk så langt, med mykje dårleg vêr og snø. I morgon skulle hytta vere full for første gang i år. Men no er vegen opp til setra stengd ved Øyane, grunna frykta for storflaum i samband med jøkulhlaupen.

– Når finvêret endeleg kjem, så stoppar det på dette. Det blir ein veldig dårleg sommar for oss. Det følast bittert. Det er ikkje moro. Vi har lyst å drive hytta, seier ein frustrert Finskud.

bilde av smeltevann på Harbardsbreen i Sogn

I GANG: Vatnet siv ut frå bresjøen under Harbardsbreen i det innringa området.

Foto: HYDRO / NTB scanpix

Konsekvensar for mange

Politiet vurderer å evakuere 8–15 husstandar natt til laurdag, og Røde Kors er i området for å leite etter turgåarar og folk som teltar. Stenginga av vegen råkar turisthytta hardt.

– Det får store økonomiske konsekvensar for oss. Vi har budd oss på å ha folk her i helgene, og folk som skal hjelpe oss. Når inntektene ikkje kjem, har det stor innverknad på eit lite, stramt budsjett.

I tillegg tenkjer styraren på borna som no ligg an til å miste hyttehelga si.

– Det er heilt sikkert mange håpefulle som skal liggje over på ei turisthytte for første gang, og som har sett av helga til det. Så det er sikkert er mange skuffa ungar, seier Finskud.

Styrarparet Maj-Britt og Lars Finskud på Nørdstedalseter

TOMT IGJEN: Lars og Maj-Britt Finskud er svært skuffa, men seier dei må ta konsekvensane av området dei driv turisthytte i. Dette bilete er tatt for eit par veker sidan, då det var styggevêret som hadde gitt dei største problema.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Konsekvensen av området vi lever i

Styraren var i føremiddag nede for å hente varer til helga, og ante med eigne ord «fred og ingen fare». Då han var på veg opp att, fekk han beskjed om at noko var i gjerde.

Tilbake på hytta, hadde dei som var att fått den skuffande beskjeden frå politiet og Hydro.

– Alt har gått veldig ålreit for seg. Slik er det. Vi må berre ta konsekvensen av området vi lever i, konstaterer Finskud.

Likevel nektar han å gje opp håpet om full hytte for første gong i sommar.

– Eg er litt optimist. Vi har sopass god kontakt med Hydro og politiet at dersom dei meiner det går, så seier dei ja til det. Det må natta bestemme.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.