Hopp til innhold

Faremo trygga gatene i Sogndal

Justisminister Grete Faremo (Ap) tykte det var triveleg å treffe både unge og vaksne då ho gjekk saman med nattuglene natt til 1. mai.

Faremo fekk mat

MAT MÅ EIN HA: Ein gjeng som sat og grilla på kaia, tilbaud justisministeren litt å tyggje på.

Foto: Rune Sjøberg / NRK

– Justisministeren har gitt inntrykk av at ho var glad for at ho kunne få vere med på eit slikt opplegg, seier fylkessekretær i Sogn og Fjordane Arbeidarparti, Monica Oppedal.

Saman med nattuglene i Sogndal og Sogndal-ordførar Jarle Aarvoll, gjekk Faremo gjennom gatene i Sogndal natt til 1. mai.

– Det var roleg stemning i Sogndal i natt, og Faremo fekk tid til å prate litt med folk ho trefte, seier Oppedal.

– Faremo sette stor pris på å få møte nattuglene, og ho tok seg god tid til å snakke med ungdommen, seier Sogndal-ordførar Jarle Aarvoll, som følgde med justisministeren på runden.

Fekk mat med på vegen

Mellom anna tok justisministeren seg tid til å snakke med ein gjeng som grilla pølser på kaien, og dermed vanka det også nattmat på Faremo.

– Ho fekk med seg ei pølse på vegen, ja, seier Oppedal.

Sjølv såg Faremo fram til å få ta del i opplegget i Sogndal.

- Eg tykkjer det er viktig å vere med på natteravning for å vise at det er mange vaksne som bryr seg om ungdommen vår, seier Faremo.

(Artikkelen held fram under biletet)

Faremo og Aarvoll

GOD STEMNING: Grete Faremo her i lag med Kai Lille-Homb og Sogndal-ordførar Jarle Aarvoll.

Foto: Rune Sjøberg / NRK

Har vore med som ramn før

På førehand håpte ho å få eit innblikk i korleis det er å vere ung i Sogndal.

- Eg håpar å få eit bilete av korleis ungdommen har det i Sogndal, og treffe både ungdom og vaksne i Sogndal, seier Faremo.

Ho har vore med på «natteramning» før. Då primært i Oslo som forelder.

- Eg tykkjer det er meinigsfylt. Å sikre trygge rammer rundt ungdommen er noko politiet ikkje kan gjere åleine, og der vi vaksne kan vere med og spele ei viktig rolle, seier Faremo.

Sjølv var ho russ i 1973 på Hornnes vidaregåande skule.

- Eg sat sjølv i russestyret. Så å halde styr på, men også vere ein del av styret, var mitt lodd då, seier Faremo.

Er med i Vik og Sogndal

Men Faremo er også i fylket for å markere 1. mai. Ho starta dagen i Vik der ho først fekk omsyning ved Vik fengsel, før ho heldt tale på Vikjatunet.

Vidare går vegen til Sogndal der ho skal delta i opptoget som startar 14.30 før ho held tale ved kommunehuset..

- 1. mai er ein viktig solidaritetsdag, og den er viktig å bruke skikkelig, seier Faremo.