Hopp til innhold

Fare for stengde tunnelar

Fleire tunnelar i Sogn og Fjordane er i ein slik forfatning at Statens vegvesen i verste fall må stengje dei, skriv Firda.

Midnestunnelen på rv 53 i Årdal

VERST: Midnestunnelen i Årdal.

Foto: Kjell Arvid stølen / NRK

Verst er det i Midnestunnelen på fylkesveg 53 mellom Årdalstangen og Øvre Årdal, sa sjefingeniør Dina Lefdal i eit møte i Hovudutvalet for samferdsle i går.

Fylkesveg 53 er livsnerven for Hydro Årdal Metallverk, og ei stenging vil difor ha store konsekvensar.

Også Høyangertunnelen på fylkesveg 55 har stor trong for reparasjonar og vedlikehald. Ein tredel av viftene som skal syte for brannventilasjon i tunnelen er ute av funksjon.

Til saman trengst det 71 millionar kroner til naudsynt arbeid i tunnelane på fylkesvegane. Det handlar om gamle plater som ramlar ned og om elektriske installasjonar som må oppgraderast.

– Kan bli kritisk

Dina Lefdal sa til samferdslepolitikarane at dette hastar.

– Utviklar det seg slik at vi i verste fall må stengje tunnelane, blir det kritisk. Vi hallar til at det må takast i 2013.

I tillegg til Midnestunnelen og Høyangertunnelen som det hastar mest med, står Finnsåstunnelen, Kolnostunnelen og Bermålstunnelen på fv 53 og Feiostunnelen mellom Vangsnes og Fresvik på lista.

Arbeidet i tunnelane kjem til å gå ut over anna vedlikehald som asfaltering.

Også på stamvegnettet er det stor trong for utbetring av tunnelar. Les: Må utbetre tunnelar innan 2019