Hopp til innhold

Fare for skred og flaum

Fredag føremiddag sende Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) ut gult varsel om fare for jord- og flaumskred og flaum.

Regn

STORE NEDBØRSMENGDER: NVE har sendt ut varsel om fare for skred og flaum, grunna svært mykje nedbør dei neste dagane.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Gult varsel inneber at store, lokale flaumskadar og problem kan oppstå.

NVE melder at bratte skråningar, bekkar og elvelaup med stor vassføring er spesielt utsette, og anbefaler at reinsing av dreneringsvegar og stikkrenner.

Det er varsla store nedbørsmengder i Hordaland, Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og ytre og midtre strok av Sør-Trøndelag dei neste dagane. Det er usikkert kvar det vil kome mest nedbør og kor mykje som vil kome.

Ifølgje NVE kan vassføringa auke raskt i mange mindre elver og bekkar, og lokale oversvømmingar kan oppstå. Tettbygde strok er spesielt utsette.