Framleis fare for nye drapstrugslar mot Stoltenberg

Oslo tingrett har forlenga varetektsfengslinga av den 48 år gamle mannen frå Sogn og Fjordane som er arrestert for trugsmål mot statsministeren.

Statsminister Jens Stoltenberg

FRYKTAR FOR JENS: Tingretten meiner det er fare for at mannen vil begå kriminelle handlingar mot Jens Stoltenberg.

Foto: Lars Nehru Sand / NRK

Det skriv Dagbladet. Det var 4. juni at mannen først blei varetektsfengsla etter å ha truga statsminster Jens Stoltenberg og ein sentral politikar. Mannen skal ha framsett så grove og alvorlege trugsmål at han blei fengsla i fire veker.

No er fengslinga forlenga med fire nye veker, på grunn av «sakens alvor og den sterke faren for gjentaking.»

Truga også mora og stefaren

48-åringen har bustadadresse i Sogn og Fjordane, men skal ha opphalde seg i utlandet det siste året.

Mannen er stesonen til ein profilert politikar og har ved fleire høve truga han og mora via epost. Han skal ha planlagt å ta livet av både statsministeren og stefaren.

Framleis risiko for nye handlingar

Medan han har site i varetekt har han blitt framstilt for politilegen, som konkluderer med at det framleis er risiko for ny kriminalitet.

Mannen er sikta etter paragraf 99 i straffelova, som har ein strafferamme på 15 år. Denne paragrafen blir brukt når personar kjem med trugslar mot Stortinget, regjeringa eller kongehuset. 48-åringen kravde å bli sleppt fri frå varetekt.

Dagbladet skriv at saka mot mannen kan komme opp for tingretten i september.