Hopp til innhold

Bussjåføren må sone

Den svenske bussjåføren og forsvaret hans har to gonger forsøkt å få saka opp i lagmannsretten, men no er det ikkje fleire moglegheiter.

To bussar frontkolliderte ved Fardal i Sogn

AVSLUTTA: Politiadvokat Erling Melvær seier det ikkje har kome ein ny anke frå den svenske bussjåføren og forsvaret hans, og at saka no er avslutta og dommen rettskraftig.

Foto: Christian Blom / NRK

– Vi har ikkje motteke anke på Gulating lagmannsrett si avgjerd om å nekte tiltalte å få prøve saka i lagmannsretten. No har Statsadvokaten godteke dommen, og vi ser på han som rettskraftig, seier politiadvokat Erling Melvær.

I august i fjor kolliderte ein svensk turistbuss og ein lokal rutebuss i Fardal i Sogn. Ei norsk og ei utanlandsk kvinne omkom. Den svenske bussjåføren vart i Sogn Tingrett dømd til fem månadar fengsel.

Forsvaret har i to omgangar forsøkt å få ein anke prøvd i lagmannsretten, men blitt avvist av lagmannsretten. Når dei no ikkje har anka til høgsterett, er saka avslutta.

– No er saka avslutta frå vår side, og tiltalte er dømd til fem månadar fengsel utan vilkår, seier Melvær.

Ikkje fleire ankemoglegheiter

Bussjåføren og forsvaret hans ville anke og prøve saka i lagmannsretten, men Gulating lagmannsrett har to gonger avvist dette.

Det første avslaget grunngav lagmannsretten med at den dømde bussjåføren ikkje sende ikkje rette dokument innan ankefristen. Ankeutvalet i høgsterett avgjorde at han likevel måtte få vurdert anken.

Men igjen avviste lagmannsretten anken.

– Både vitneforklaringar, tekniske bevis og den sakkunnige sine vurderingar støttar opp om konklusjonen, skreiv lagmannsretten i avgjerda.

Den einaste moglegheita for forsvaret var då å anke til høgsterett for sakshandsamingsfeil. Det har dei ikkje gjort.

Forsvararen til bussjåføren, Geir J. Kruge, ønsker ikkje å kommentere saka.