NRK Meny
Normal

Fardal Opseth ute lenge med brot

Fire til seks veker med plaststøtte på foten pluss opptrening etterpå ventar Sogndal-spelar Kristan Fardal Opseth etter at han pådrog seg brot i eit mellomfotsbein i høgrefoten under andrelagskampen mot Stryn søndag.

Kristan Fardal Opseth med gips etter to brot i foten

BROT: Plastskinna på foten blir på i minimum fire, maks seks veker.

Foto: Arve Uglum / NRK

– Det er ikkje akkurat godfoten, men det er surt likevel, seier 24-åringen som til no har fått to kampar frå start og sju innbyte for Sogndal i eliteserien.
I tillegg til innbyta i eliteserien har han vore svært viktig i Sogndal 2 sin kamp for opprykk til 2. divisjon. Til no har han skåra 11 mål for andrelaget, eitt mindre enn toppskåraren i 3. divisjon.

Skrudde inn frispark

Det talet blir han ståande på i alle fall fram til slutten av september. Opseth hadde nett brukt venstrefoten til å skru eit lekkert frispark over Stryn-muren i ein kamp Sogndal 2 til slutt vann 5-1. I ein situasjon inne på eigen halvdel oppstod situasjonen som vil prege heile hausten hans.

– Eg kjende ikkje noko med ein gong, men då eg skulle ta eit steg for å hente inn att ballen vart det vondt, seier Fardal Opseth.

- Trasig og kjipt

- Først og fremst er dette veldig seigt for guten sjølv. Skikkeleg trasig og kjipt. Ut over det er det trist både for første- og andrelaget vårt, seier sportsleg leiar i Sogndal, Håvard Flo.

Sogndal Fotball sin fysioterapeut, Henri Henell, vil ikkje spekulera i kor lenge Fardal Opseth er ute, men slår fast at han må gå med plastskinna på foten i fire til seks veker.

- Etter det får vi sjå. Det er snakk om brot i eit mellomfotsbein i høgrefoten, men han kan bevege tærne som normalt. Det er berre snakk om kvile og støtte i ein periode, seier Henell.

Uvisst kor lenge det tek

- Det er vanskeleg å halda den fysiske forma oppe med skinna på foten, så vi får sjå kor lang tid det tek før han er klar att. Heldigvis har me langsiktige planar for Kristian, seier Håvard Flo.

Den målfarlege spissen vart henta til Sogndal i vår etter å ha bøtta inn mål for Førde i 2. divisjon dei to siste sesongane.

24-åringen som alt har mista store deler av ei lovande fotballkarriere til sjukdom må dermed vente til sesonginnspurten før han kan gjera seg gjeldande i att.

Kristian Fardal Opseth har i dag signert toårskontrakt med Sogndal Fotball.
24-åringen er son av Sogndal-legenden Lasse Opseth, og tek no sikte på å overgå farens prestasjonar i eliteserien.
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.