Hopp til innhold

Fardal Opseth snusar på toppskårartittelen

Kristian Fardal Opseth var fjerdevalet på spissplass i Sogndal før sesongen. Før heimekampen mot Follo klokka 18 manglar han berre eitt mål på å leia toppskårarlista i 1. divisjon.

Kristian Fardal Opseth

11 MÅL: - Kristian Fardal Opseth har teke steget denne sesongen, seier Sogndal-trenar Eirik Bakke.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Kristian har teke steget, seier Sogndal-trenar Eirik Bakke, før fyrstedivisjonskampen i fotball mot Follo på Fosshaugane Campus i kveld.

Fardal Opseth nærmar seg Pontus Engblom frå Sandnes Ulf på toppskårarlista. Dei står med høvesvis 11 og 12 mål.

– Eg håpar Kristian kan få eit par til i dag, smiler Bakke.

– Men om han er toppskårar eller ikkje, er ikkje så nøye for meg, så lenge han gir 110 prosent på bana, og han og Mahatma (Otoo) lagar vanskar for Follo, så er eg nøgd med dei.

Sogndal-trenar Eirik Bakke før Follo-kampen

SOGNDAL-TRENAREN: Eirik Bakke gjer fleire endringar i lagoppstillinga til kampen mot Follo.

Petter Aase frå start

Bakke har gjort fleire endringar i lagoppstillinga etter 5-0-sigeren borte mot Bærum førre helg. Tidlegare Florø-spelar Peter Aase får debuten sin frå start.

– Eg føler han har kome bra inn i det og gjorde eit godt innhopp mot Bærum sist, så no fortener han å få starta, seier Bakke.

Bjørn Inge Utvik går ut av startoppstillinga. Det gjer òg Eirik Skaasheim. Inn kjem ein skadefri Victor Grodås og Babacar Sarr, som måtte stå over førre kamp på grunn av tre gule kort.

Laget til Sogndal: Mathias Dyngeland - Taijo Teniste, Hannu Patronen, Christophe Psyché, Victor Grodås - Peter Aase, Rune Bolli Bolseth, Babacar Sarr, Thomas Drage - Kristian Fardal Opseth, Mahatma Otoo

Rune Bolseth før Follo-kampen

SOGNDAL-KAPTEINEN: Rune Bolseth vil riva opp finspelet til Follo med hardt press.

Laster innhold, vennligst vent..