NRK Meny
Normal

– Omlegginga av spelestilen i Sogndal passa meg dårleg

15 mål på 18 kampar, det er status for Kristian Fardal Opseth i Bodø/Glimt-trøya denne sesongen. Men fjoråret i eliteserien med Sogndal vart ein nedtur.

Kristian Fardal Opseth

MANGE: Målfeiringar har det blitt mange av for Kristian Fardal Opseth i år.

Foto: Mats Torbergsen / NTB scanpix

– Eg likar meg veldig godt. Det er ein fin gjeng og både eg og laget har gjort det godt, seier Fardal Opseth til NRK.

Og gjort det godt er berre forbokstaven. For 27-åringen har scora 15 mål på 18 kampar, eller 1487 minutt. Det er eitt mål kvart 99. minutt.

Sist helg scora han hat-trick på åtte minutt, i 5–0-sigeren mot Arendal.

Ny spelestil

For i Sogndal i førstedivisjon i 2015-sesongen scora han 16 mål på dei 21 kampane han spelte frå start, men i fjor fekk han knapt speletid.

– Den omlegginga vi hadde av spelestilen i Sogndal passa meg dårleg. Vi skulle pressa høgare og springa meir, og det er ikkje mi sterke side. På den delen er Ole Amund Sveen og Martin Ramsland betre enn meg, seier Fardal Opseth.

Eliteserien fotball 2016: Sogndal - Viking.

FÅ SJANSAR: Det vart berre to kampar frå start for Kristian Fardal Opseth i Sogndal-drakta førre sesong.

Foto: Christian Blom / NTB scanpix

For det vart berre 503 minutt og to scoringar i fjorårets eliteseriesesong i Sogndal på toppscoraren frå opprykkssesongen året i førevegen. For å sette det i perspektiv, ein kan maksimalt spele 2700 minutt i løpet av ein sesong, og det var nemnde Ramsland og Sveen som vart brukt på topp. Begge vart kjøpt inn før comeback-sesongen i eliteserien.

Det førte til at Fardal Opseth før årets sesong vart lånt ut til Bodø/Glimt, og i slutten av juni gjorde dei overgangen permanent.

4–3–3

I førstedivisjon denne sesong har Fardal Opseth som nemnt scora 15 mål. Det er fire fleire enn nummer to på toppscorarlista, Ousseynou Boye i Mjøndalen.

Men likevel er han ikkje heilt nøgd.

– Eg burde ha scora fleire. Vi er eit lag som skaper mange målsjansar og det er mange sjansar eg burde ha scora på som eg har bomma på, seier han.

Kristian Fardal Opseth

FLEIRE: Kristian Fardal Opseth skulle gjerne sett at han hadde vore endå meir effektiv denne sesongen, og meiner han burde ha scora endå fleire mål enn dei 15 han har til no.

Foto: Mats Torbergsen / NTB scanpix

Han bøttar nok ein gong inn mål på nest øvste nivå i norsk fotball, men det lukkast ikkje då han fekk sjansen i eliteserien i fjor.

– I Bodø/Glimt er eg midtspiss i 4–3–3, og det passar meg ypparleg. Då kjem eg oftare nært målet, seier Opseth.

Kan rykke opp

Før kampen i ettermiddag mot Elverum har Bodø/Glimt eit forsprang på toppen av tabellen på sju poeng ned til Ranheim.

– Det er mange kampar att og opprykket er ikkje heilt i boks, men det ser lovande ut, seier Fardal Opseth.

Laster innhold, vennligst vent..
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.