Far vil legge ned lokalskulen

MÅLØY (NRK): Holvik skule med 51 elevar kan verte nedlagt. Pappa Stig Solheim er ein av dei som vil ofre skulen og sende elevane til ein større sentrumsskule.

På Holvik Skule

VIL LEGGE NED: Stig Solheim og Ratcharin Plekrathok vil legge ned Holvik skule, og heller sende ungane til Skram skole.

Foto: Solveig Svarstad / NRK

– Eg har eit håp om at skulen vert lagt ned og at mine born skal gå på Skram skole frå hausten av, seier Stig Solheim.

Med to døtrer på Holvik skule, gjekk Solheim ut i den lokale avisa Fjordenes Tidende med eit bodskap om å legge ned skulen.

Les også: Går mot skulenedlegging i Vågsøy

Frå mindre til større læringsmiljø

– Skram skole gjev undervisning på det klassetrinnet du er på, medan Holvik skule har samanslåtte klassar. Når to klassar er slått saman, vil min matematikk tilseie at det berre vert halvparten av undervisninga som dei bør ha, meiner Solheim.

Solheim er sjølv medlem av Høgre i Vågsøy som har programfesta endringar i skulestrukturen, blant anna nedlegging av skulen i Holvik.

Kvart andre år må døtrene til Solheim på sju og åtte år gå i same klasse på Holvik skule. Går Vågsøy kommunestyre inn for ei nedlegging av skulen i Holvik, vert elevane flytta til Skram skole med 190 elevar.

– Eit større miljø vil gje fleire moglegheiter for borna til å knytte venskap. Det er ein del eigenskapar du ikkje kan tileigne deg like lett i små miljø, som sosial intelligens og sosiale antenner, seier Solheim.

Leser lekser

I SAME KLASSE: Kvart andre år må Liss Charin (t.v.) og Elene Ailin Solheim gå i same klasse.

Foto: Solveig Svarstad / NRK

Sera kjende få

Sera Natacha Solheim (15) er den eldste dottera til Stig Solheim. Ho går på ungdomsskulen i Måløy, men overgangen frå Holvik skule til ungdomsskulen i Måløy var tøff.

– Eg skulle ønske eg kjente fleire då eg starta på ungdomsskulen. Dei einaste eg kjente var dei som eg hadde gått med på barneskulen, fortel Sera.

Skulle ønske ho kjente fleire

HARD OVERGANG: For Sera Natacha Solheim var det ein hard overgang frå ein liten barneskule til ein større ungdomsskule.

Foto: Solveig Svarstad / NRK

Stig Solheim vil helst unngå at det same skal skje med dei yngre søskena til Sera.

– På ein større skule er det rett og slett fleire born ein kan sosialisere seg med. Dersom det dannast klikkar på mindre skular, er det fortare gjort å felle frå, seier han.

Hevdar størst ikkje alltid er best

Over 400 skular har blitt lagde ned i Norge dei siste 12 åra, som regel til massive protestar frå foreldre.

Ved Holvik skule er 82 prosent av foreldra mot ei nedlegging. Leiar for foreldreutvalet ved skulen, Frode Hestdal, tykkjer det vil vere drastisk å legge ned skulen.

– Det bør komme fram gode grunnar for å legge ned skulen. Enten undersøkingar eller forsking for å vise at Holvik skule er for liten til å ha eit godt læringsmiljø.

Holvik får støtte frå seniorforskar ved Nordlandsforskning, Karl Jan Solstad.

– Det er ikkje grunnlag for å sei at eit større skulemiljø er det til beste for læremiljøet.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.