NRK Meny

Får verdsarvstilling

Urnes stavkyrkje i Luster skal få tilsett ein verdsarvkoordinator. Det skriv Sogn Avis. Urnes stavkyrkje er den eldste av Norges 28 stavkyrkjer, og har stått på UNESCO si verdsarvliste sidan 1979. Marit Aakre Tennø, som er varaordførar i Luster kommune, seier dei no skal tilsetje ein person som skal sjå området i ein heilskap, og arbeide for å utvikle området på Ornes. Stillinga skal finansierast over budsjettet til Klima og miljødepartementet, samt Riksantikvaren.

Urnes stavkyrkje