Hopp til innhold

Veitastrond får tunnel i førjulsgåve

På Veitastrond får dei akkurat det dei ynskjer seg til vinteren. Ein ny tunnel og skredvoll skal gjere vegen sikker til jul.

Marina Eriksson i vegvesenet

I RUTE: Kontrollingeniør Marina Eriksson og kollegaene i vegvesenet er i rute med bygginga av tunnelen som skal gjere vegen mellom Veitastrond og Hafslo sikker.

Foto: Ole Kristian Åset / Vegvesenet

Den etterlengta tunnelen er 1565 meter lang og skal heite Langanestunnellen.

Dei rundt 120 innbyggarane på Veitastrond har fleire gonger opplevd å bli isolerte på grunn av snøras. I desember kan dei feire at vegen har blitt fleire hakk sikrare.

– For oss på Veitastrond er dette heilt topp. Vi har kjempa for og venta lenge på dette. Det blir ein heilt anna kvardag for oss, spesielt for pendlarar og skuleborn og alle som reiser mykje. Dette gjer ein stor skilnad for Veitastrond, seier Asbjørn Nes som er leiar i Bygdelaget i bygda.

Både tunnel og skredvoll

– Det er eit område det har gått ras kvar einaste vinter. Nokre av skreda som no er sikra med skredvollar er store skred som er livsfarlege om ein kjem under. Heldigvis har vi ikkje hatt ulukker, fortel Nes.

Fleire skredvollar har komme på plass på strekninga dei siste åra, og no er også den nye tunnellen i rute på strekka mellom Veitastrond og Hafslo.

I 2013 stod ein gigantisk voll forma som ein plog mot skredutløpa ferdig i Buskredene. I tillegg vart ein ledevoll mot blautsnø ferdig i fjor, samt at ein voll mot tørrsnø skal ferdigstillast i oktober.

Lindeskredet veitastrond

SKREDVOLL: Ein skredvoll skal fange blautsnø på den skredfarlege strekka.

Foto: Stein Dyngen / Vegvesenet

Den skal få ei maksimal høgde på 20 meter og vere 330 meter lang.

– Tunnelen saman med rassikringsvoll sikrar to særskilt rasutsette område. Der tunnelen går no, er den gamle vegen rimeleg stygg på sommarstid, seier Asbjørn Nes.

Stein Dyngen

PROSJEKTLEIAR: Stein Dyngen har vore prosjektleiar for skredsikringa av strekka.

Foto: Ole Kristian Åset / Vegvesenet

Tunnellen set punktum for skredsikringsarbeidet på strekninga for denne gong.

– Arbeidet på Veitastrondsvegen går no mot slutten. Me ser fram til å opne tunnelen før jul, slik at folk i Veitastrond får betre og tryggare veg før dei hardaste vintermånadene set inn, seier prosjektleiar Stein Dyngen i Statens vegvesen.

Prislappen på sikringsprosjektet er 253,7 millionar 2016-kroner.

Lovar fest

Jenny Følling skal opne den no mindre skredfarlege strekka 15. desember, heilt etter ruta.

Då lovar bygdelaget på Veitastrond at det blir god stemning i bygda.

– Her i bygda planlegg ein skikkeleg bygdefest på kvelden, der vi inviterer mange prominente gjester. Dette er fabelaktig flott, avsluttar Nes.

Asbjørn Nes

LEIAR I BYGDELAGET: Asbjørn Nes og sambygdninane på Veitastrond er svært nøgde med å kunne køyre på rassikker veg til vinteren.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK