NRK Meny
Normal

Får truleg utsetjing

Selskapet Fjordlinje AS får truleg godkjenning frå kommunestyret i Sogndal til å usetje bygginga av eit storhotell på slakteritomta.

Modell av det planlagde hotellet på slakteritomta i Sogndal.
Foto: Arkitektfirmaet Snøhetta

Senterpartiet har alltid vore positive til satsinga, og no seier også gruppeleiar i Abeiderpartiet i Sogndal, Arvid Stenehjem at dei vil gje Fjordlinje meir tid viss det trengs.

- Når investeringa er opp mot 300 millionar, så kan det tenkjast at ei utsetjing på eit halvt års tid er akseptabelt, seier han. 

Brot på avtala

Det vart i går kjent at selskapet Fjordlinje AS treng meir tid før dei er klare med si storsatsing; eit hotell til fleire hundre millionar kroner på den gamle slakteritomta i Sogndal. Utsetjinga er eit klart brot på avtalen som selskapet har med kommunen. Den seier at spaden for prosjeket skal setjast i jorda innan utgangen av dette året.

Vil støtte investorar

Det er sjølvsagt uheldig at dette skjer, seier gruppeleiar for arbeiderpartiet i Sogndal, Arvid Stenehjem. Men han har stor tru på at investorgruppa i selskapet Fjordlinje framleis meiner alvor med planane sine. Difor vil ikkje Stenehjem svartmåle situasjonen.

- Vi vil ha eit gruppemøte på dette. Når vi får saka framlagt vil arbeidarpartigruppa vurdere dette samla. Det tyder at vi ikkje vil svartmåle noko før vi har grunn til det. Og vi vil gje all støtte til dei aktørane som er viljuge til å satse på å få til noko nytt, seier Stenehjem.  

Mange har spekulert i om Fjordlinje AS kjøpte slakteritomta for å hindre Lidl i å etablere seg i Sogndal. Måndag avviste styreformann i Fjordlinje Lidvin Osland nok ein gong desse påstandane. Han sa at dei framleis siktar seg inn mot bygging av eit hotell, men at dei treng noko meir tid.

Redd

Gunnar Hofslundsengen eig campingplassen rett over vegen frå slakteritomta. Han ynskjer hotellet velkomen, men når han høyrer om at planane må utsetjast, fryktar han at det aldri blir noko av luksushotellet.

- Redd er eg! Det er eg. Og då meiner eg verkeleg redd for at dette området skal verte ståande utan at noko skjer, seier han.

- Politikarane i klemme

Hofslundsengen likar ikkje at ting blir utsett. Men samtidig meiner han at han kommunen ikkje har noko val..

- Vi forstår godt at dei treng tid for å få i gong eit slikt prosjekt. Men det har allereie brukt ein del tid. Eg trur ikkje politikarane i Sogndal har noko anna val. Kva elles skal dei gjere?

- Har dei sett seg sjølv i ei slags klemme?

- Ja, det blir ei klemme ja.

- Lidl ville greidd det

Ein ting er Gunnar Hofslundsengen sikker på: Hadde Lidl fått kjøpe slakteritomta i Sogndal for to og eit halvt år sidan, så hadde bygget vore kome opp for lenge sidan.

- Det trur eg faktisk, ja.

- Kvifor det?

- Dei er effektive. Det skjer fort når dei får hand om det. Eg trur der hadde vore eit forretningsbygg.

- Og no veit ein ikkje kor tid det kjem eit nytt bygg?

- Nei, det veit vi ikkje noko om, seier Gunnar Hofslundsengen.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.