Hopp til innhold

Far til Tonje tok livet sitt: «Det er eit ansvar å våge å seie det, og eit ansvar å ta imot»

FØRDE (NRK): Då ho var tre år gammal, tok far hennar livet sitt. No vil Tonje Noreng Trøen (27) få fleire til å våge å snakke om sjølvmord.

Tonje Noreng Trøen

ANSVAR: – Det er eit ansvar for oss som er pårørande å tore å seie det, og det er eit ansvar for dei som vi seier det til, å tore møte det. Slik blir det ikkje ein rar situasjon, men rom for å prate om det, seier Tonje Noreng Trøen (27).

Foto: PRIVAT

– Vi fekk tidleg eit forhold til døden. For oss var det heilt naturleg. Eg har vakse opp med at pappa er død.

Dei første åra av livet budde Tonje Noreng Trøen saman med mor, far og ei to år eldre syster på eit småbruk i Valdres. Då ho var tre år og systera fem, valde faren å avslutte livet.

– Han var alkoholikar. Det var veldig mykje av forklaringa heile barndommen – at han ikkje klarte å slutte å drikke, at han ville vi skulle få eit betre liv og valde å avslutte livet sitt, seier Trøen.

Som vaksen har ho forstått at biletet er meir samansett. Ho har også opplevd at mange ikkje veit kva dei skal seie når ho fortel at ho miste far sin i sjølvmord.

Det er dette ho vil endre på.

– Vi må tore å prate høgt om det. Viss ikkje blir det hysja ned og går føre seg i stilla. Det kjem til føre til at fleire tek steget, og tek livet sitt.

  • Her kan du høyre radiointervjuet med Tonje Noreng Trøen:

Slutta å fortelje

Mor deira valde å vere open med døtrene sine, heilt frå dei var små. Dei kunne spørje henne om alt dei ville og trong å vite.

Då dei to jentene skulle lage farsdagskort i barnehagen, var det bestefaren som fekk dei fine korta. Dei tenkte ikkje særleg over det. Først då dei blei eldre, merka Tonje og systera korleis ansikta til dei vaksne endra seg då dei fortalde om faren.

– Det gjorde til at vi slutta å fortelje om det, for vi ville ikkje setje den andre personen i ein ubehageleg situasjon, seier Trøen.

Talen til Maud Angelica

3. januar er ho på arbeid som journalist i avisa Firda. Saman med kollegaene følgjer ho med på tv-sendinga frå gravferda til Ari Behn. Som så mange andre, høyrer ho talen som dottera Maud Angelica Behn les til ei fullsett kyrkje. Som dei færraste, forstår Trøen kva 16-åringen snakkar om.

– Ein kollega kjem inn, og seier «tenk på dei barna». Og eg greidde framleis ikkje seie noko. Då forstod eg kjernen i problemet.

Marte Iren Noreng Trøen og Tonje Noreng Trøen

SYSTRER: Tonje Noreng Trøen og Marte Iren Noreng Trøen fotograferte då dei var tre og fem år gamle. – Vi såg Maud Angelica stod der og var ganske lik oss. Det slo oss så veldig hardt.

Foto: PRIVAT

Redaktørforeningen har åtvara media mot å glorifisere når kjende menneske tek livet sitt. Trøen synest det var bra at dottera hans også sette ord på det vanskelege.

– Det er fint å hylle folk, men ho fekk fram at det var eit problem som ikkje var deira feil. Ho torde å prate om utfordringa, og ikkje berre det gode. Det var så viktig, seier Trøen.

– Viktig føremål

– Føremålet Trøen har med å stå fram er veldig viktig, seier Nils-Petter Hauge, styreleiar i LEVE Sogn og Fjordane

Hauge meiner samfunnet på mange måtar har blitt opnare når det gjeld sjølvmord. Dei fleste forstår at det er ein kompleks og vond prosess for dei som står i det.

– Likevel vil mange oppleve at folk trekker seg unna. Sjeldan fordi dei ikkje vil snakke, men fordi dei er usikre på korleis dei skal snakke med og møte den som har mist nokon.

Ta kontakt med den som har mist, og ver open om at du kjenner deg usikker, er rådet han gir. Hauge meiner større openheit rundt sjølvmord startar med større openheit rundt psykiske vanskar.

– Ein har ein tendens til å behandle menneske med psykiske vanskar annleis. Det er normale menneske med midlertidige eller langvarige utfordringar, men først og fremst menneske med store ressursar som alle andre.

Nils-Petter Hauge

– VI MÅ BRY OSS: – Vi må våge å snakke om sjølvmord og våge å spørje folk ein mistenker kan ha det vanskeleg, seier Nils-Petter Hauge i LEVE. – Utfordringar som er skapt i livet, kan løysast, understrekar han.

Foto: TONE MERETE LILLESVANGSTU / NRK

– Ein må tole å stå i det

Trøen trur skam gjer det vanskeleg for mange å snakke om sjølvmord og sjølvmordstankar. Skamma ved å velje vekk dei du er glad i, eller bli valt vekk. Då ho sjølv blei eldre og fekk psykiske utfordringar, forstod ho meir av det faren strevde med.

– Eg klarte å setje meg inn i at no er det mørkt, og for han var det endå mørkare. Då skammar ein seg så mykje, og då gjer ein alt ein kan for ikkje avsløre det.

Hennar håp er at sjølvmord og det å slite psykisk skal kunne bli snakka om på ein naturleg måte. Trøen har sjølv erfart korleis folk er redde for å ha sagt noko feil.

– Men då vil eg berre seie, det har du ikkje. Tol å stå i det. Så skal eg òg prøve å tole det.