Får ti nye politistillingar

– Ti av dei 12 politistillingane som står ledige i Sogn og Fjordane skal fyllast i 2019. Det seier leiar for politiet her i fylket, Arne Johannessen. Vest politidistrikt finn pengane gjennom å omdisponere midlar. Johannessen er svært godt nøgd med å få fylle dei fleste ledige stillingane i fylket. Det er usikkert korleis stillingane blir fordelte. Men Bremanger, der tenestestadleiar Espen Gulliksen har vore einaste politmann ei tid, vil bli prioritert.

Arne Johannessen
Foto: Noralv Pedersen/NRK