– Får mindre å rutte med fordi dei ikkje har satsa nok på vekst og regionsenter

Professor Oddbjørn Bukve ved Høgskulen i Sogn og Fjordane meiner Sogn og Fjordane får svi fordi politikarane ikkje har satsa på vekst.

Montasje fylkestinget/Bukve

- IKKJE SATSA PÅ VEKST: Professor Oddbjørn Bukve (innfelt) meiner Sogn og Fjordane no får svi fordi fylkespolitikarane ikkje har satsa nok på regionsentera.

Foto: NRK

Onsdag vart det kjent at Sogn og Fjordane fylkeskommune får 235 millionar kroner mindre å rutte med årleg frå 2019, dersom kommuneproposisjonen som regjeringa la fram blir ein realitet.

Denne summen er godt over ti prosent av dagens driftsbudsjett for fylkeskommunen. Professor Oddbjørn Bukve seier at Sogn og Fjordane er det fylket som heilt klart blir den store taparen, men at det på ein måte er ein konsekvens av politikken som har vore ført her.

Oddbjørn Bukve

– FELL FOR EIGE GREP: Professor Oddbjørn Bukve meiner Sogn og Fjordane blir taparen fordi det ikkje har vore satsa på vekst.

Foto: Hisf

– Eg er redd for at politikarane har hatt for mykje fokus på bevaring og for lite på å skape nye og vekstkraftige strukturar.

No trur han fylkespolitikarane ikkje kjem utanom ein ny runde med kutt på skule og samferdsel.

– Bodskapen i det som kom frå regjeringa er at ein ikkje skal tape på å legge til rette for vekst. Og bodskapen til Sogn og Fjordane er at vi må satse meir på regionsentera, bygge regionar som er så tette at det går an å bu i utkantane og arbeide i større senter som veks. Slik kan ein sikre seg ein større del av kaka, seier Bukve.

– For enkelt

Dette synest fylkesordførar Åshild Kjelsnes blir for enkelt.

– Uansett korleis vi hadd tedd oss i dette fylket så har vi eit lågare folketal enn nabofylka, og vi kan ikkje samanlikne oss med Møre og Romsdal, Hordaland og Rogaland likevel. Og så er det ein verdi at det bur folk i heile fylket, og vi har satsa på tettstader og næringsutvikling.

– Men ser du at de kunne ha satsa meir på sterkare regionsenter?

– Det blir eigentleg veldig hypotetisk. Eg trur ikkje det ville ha gjort oss til den store vinnaren. Til det er vi for få uansett.

Åshild Kjelsnes

– FOR FÅ UANSETT: Fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap).

Foto: Guro Kvalnes / NRK

Bukve er samd med fylkespoliitkarane som seier at det er svært dramatisk for tenestetilbodet til folk i Sogn og Fjordane dersom fylkeskommunen om fem år får 235 millionar kroner mindre å rutte med.

– Mest truleg betyr dette at det blir nye diskusjonar om både vidaregåande skular og samferdsel.

Frå komande skuleår er det ti vidaregåande skular i Sogn og Fjordane, etter at skulane i Jølster og Luster er lagde ned. Dersom heile nedgangen i inntekter skal sparast inn på skulesektoren betyr det nedlegging av tre til fire vidaregåande skular til.

Men fylkesordføraren vil ikkje gå inn på kvar det eventuelt skal skjerast ned no. Først vil ho bruke kreftene på å finne ut kva som kan gjerast for at resultatet til slutt ikkje blir så ille som det ved første augekast kan tyde på.

Kommunalminister Jan Tore Sanner

- HAR FÅTT FOR MYKJE: Kommunalminister Jan Tore Sanner (H).

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

– Har fått for mykje til no

Kommunalminister Jan Tore Sanner forsvarar den drastiske nedskjeringa i midlane til Sogn og Fjordane med at fylket til no har fått meir pengar enn det eigentleg skulle hatt.

– Sogn og Fjordane får faktisk 26.000 kroner per innbyggjar, medan Møre og Romsdal berre får 15.000. Sogn og Fjordane har hatt eit overskot dei siste fire åra på mellom 340 og nesten 400 millionar kroner.

Dette går pengane til:

Sogn og Fjordane fylkeskommune har i 2014 eit driftsbudsjett på 2,1 milliardar kroner. Pengane fordeler seg slik på dei ulike sektorane:

  • Vidaregåande skular: 800 millionar.
  • Samferdsel: 876 millionar (390 mill. til fylkesvegdrift og 486 mill. til drift av buss-, båt- og ferjeruter).
  • Næringsutvikling: 100 millionar.
  • Tannhelse: 74 millionar.
  • Kultur: 61 millionar
  • Forvaltning, sentraladm., politisk styring: 223 millionar

Pengane som går til drift av buss-, båt- og ferjeruter er i stor grad bundne opp i langsiktige kontraktar med ruteselskap. Det betyr at det i første omgang ikkje er noko å spare der, for å bryte kontraktar går ikkje.

No hevdar stortingsrepresentant Bjørn Lødemel (H) at 200 millionar av det fylkeskommunen får til rutedrift ikkje blir brukt til dette føremålet, og at det er eit teikn på at det er trong for ei opprydding.

1800 får løn frå fylkeskommunen

Økonomidirektør Eli Nes Killingrød i fylkeskommunen stadfestar at dei har brukt ein del av pengane til samferdsel til skuledrifta. På den måten kan dei halde oppe ein vidaregåande skule og sparer transportutgifter som ein elles ville ha fått til skuleskyss.

Slik omdisponering har fylkespolitikarane lov til å gjennomføre, seier ho.

Rundt 1800 menneske får løna si frå Sogn og Fjordane fylkeskommune. Ein god del av desse er byråkratar, dei fleste med Fylkeshuset på Hermansverk som arbeidsstad.

Men brorparten er spreidd rundt om i fylket, mellom anna på dei vidaregåande skulane i Årdal, Sogndal, Høyanger, Dale, Førde, Florø, Sandane, Nordfjordeid, Stryn og Måløy.

Kultursektoren held til i Førde, og dei to fylkeskommunalt eigde selskapa Fjord1 og SFE held til i Florø og på Sandane.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.