NRK Meny
Normal

Ingen haldepunkt for kriminell handling - dødsårsak truleg klar fredag

Mannen i 40-åra som vart funnen død onsdag ettermiddag er ein kjenning av politiet. Det stadfestar Synnøve Domben som er politioverbetjent ved Flora politistasjon.

Synnøve Domben

VANLEG ETTERFORSKING: – Det er vanleg at politiet etterforskar dødsfall der noko døyr åleine og uventa, seier politioverbetjent Synnøve Domben.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Politiet har ingen haldepunkt for at det har skjedd noko kriminelt etter at ein mann i 40-åra vart funnen død onsdag ettermiddag.

Helsepersonell fann den døde

Det var i 17.25-tida onsdag ettermiddag at politiet fekk melding om at helsepersonell som var på ein velferdssjekk hadde funne ein død person.

Politiet karakteriserer dødfallet som mistenkjeleg på grunn av omstendene rundt dødsfallet.

– Det er heilt normalt at politiet etterforskar eit dødsfall der ein person døyr åleine, uventa og dødsårsaka ikkje er openberr, seier Domben.

Det vart i går kveld gjort tekniske og taktiske undersøkingar på staden. I tillegg er den døde sendt til obduksjon.

Obduksjon kan gi svar

– Vi kan ikkje seie noko meir om staden der vedkommande vart funnen død, seier Domben.

Førebels er ikkje nokon mistenkte i saka. Politiet har heller ikkje bede Kripos om hjelp.

Det er venta at den førebelse obduksjonsrapporten vil vere klar fredag.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå