Hopp til innhold

Stroppa mørkredd son fast i badstue, skrudde på varmen og slo av lyset

Faren svara med vald og truslar då guten ikkje oppførte seg. No må han 120 dagar i fengsel.

Gulating lagmannsrett
Foto: Sindre Øye Helgheim / NRK

Mannen i 40-åra vart i tingretten dømd til fengsel i fire månader og 40.000 kroner i oppreisningserstatning, men anka avgjerda.

No har lagmannsretten slått fast at mannen skal i fengsel.

Sperra inne i badstue

Ifølgje tiltalen trua mannen gjennom fleire år med å slå guten med belte. Ved minst eitt høve slo han også guten. Ei julaftan då guten var misnøgd med ei julegåve, slo han guten med flat hand i ansiktet.

Den mest alvorlege hendinga skjedde etter at guten hadde skremd nokre medelevar. Mannen ville la guten kjenne på korleis det var å vere skremd, og stroppa guten fast i ei badstue, skrudde på varmen og slo av lyset før han gjekk ut.

Den mørkredde guten stod der i åtte minuttar, men mannen var innom for å sjå korleis det stod til. Både far og gut fortvila og gret.

Erkjende handlingar

Mannen erkjende langt på veg å ha gjort det han vart funnen skuldig i, og forklara at handlingane vart utløyste av guten si dårlege framferd. Han erkjende likevel ikkje straffskuld.

Guten vart oppfatta som krevjande og stygg i munnen, og kom ofte i konflikt med andre.

– Det er jo heller ikkje uvanleg med valdsbruk mot born, at den har ei forklaring, utan at det endrar vurderinga av om det er straffbart, skriv lagmannsretten.

Skrekkfilm

Retten meiner mannen ikkje tok innover seg korleis hendinga i badstova påverka guten. Guten forklara sjølv at det var som å vere i ein skrekkfilm.

Lagmannsretten fann det formildande at saka har hatt liggetid hos politiet, og at mannen langt på veg har tilstått hendingane han er dømd for. Mannen har teke i mot rettleiing, og har innsett at han ikkje kan nytte vald og trugslar i oppsedinga.