NRK Meny

Får støtte til flyktningebustader

Kommunar som vil leige eller byggje bustader til flyktningar vil få svært gode støtte- og låneordningar frå Husbanken. Det seier avdelingsdirektør i Husbanken, Sverre Høynes. I dag skal han delta på eit møte om asylsituasjonen i Sogn og Fjordane, der både Fylkesmannen og alle kommunane i fylket deltek. Nesten halvparten av utgiftene kan bli dekte gjennom tilskot, og lånevilkåra er svært gode, seier Høynes.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast