Hopp til innhold

Får støtte i kritikken mot legemiddelindustrien

Fagdirektør Hans Johan Breidablik hjå Helse Førde kritiserte tysdag legemiddelindustrien og kalla den kynisk. No får han støtte frå Elin Hoffmann Dahl som er lege ved Oslo Universitetssjukehus.

Hans Johan Breidablik

KYNISK: Fagdirektør Hans Johan Breidablik hjå Hels Førde meiner legemiddelindustrien er kynisk.

Foto: Bård Siem / NRK

Elin Hoffman Dahl

IKKJE LØNSAMT: Elin Hoffman Dahl fortel at det ikkje alle sjukdomar er like lønsame for legemiddelindustrien å behandle. Dei minst lønsame områda blir taparen i kampen om forskingsmidlane meiner ho.

Foto: Privat

Tysdag karakteriserte fagdirektøren i Helse Førde, Hans Johan Breidablik, legemiddelindustrien som ein bransje der profitt er den høgaste målsetninga. No får han støtte av Elin Hoffmann Dahl. Ho er lege ved Oslo Universitetssjukehus, og var 6. november med på skrive ein kronikk som kritiserer legemiddelindustrien.

– Vi ser at utvikling av nye medisinar er underlagt dei same marknadskreftene som andre produkt. Noko som fører til at utvikling blir prioritert der innteninga er størst. Det er utfordrande at det ikkje løner seg å behandle alle sjukdomar.

– Liten effekt

Eit anna viktig punkt i kritikken Breidablik kom med mot legemiddelindustrien er at medisinane som blir produsert ofte har liten effekt. Det er noko Hoffmann Dahl og har lagt merke til.

– Vi ser at ni av ti nye medisinar har sterkt avgrensa eller ingen klinisk effekt. Det er medisinar vi brukar enorme summar på i helsevesenet.

Kald tilnærming

Karita Bekkemellem

VURDERT AV STATEN: Karita Bekkemellem seier at legemiddel skal vurderast av staten før dei blir slept fri på marknaden og at det difor er myndigheitene som sit med ansvaret.

Foto: NRK

Administrerande direktør i den norske legemiddelindustrien, Karita Bekkemellem, meiner det er feil å seie at legemiddelindustrien berre tenker på profitt og avviste tysdag kritikken frå Breidablik.

Eg vil avvise den kalde og kyniske tilnærminga til den norske legemiddelindustrien. Vi skal levere legemiddel som gjer at fleire overlever og som aukar livskvaliteten.

Når eit legemiddel får marknadsføringsløyve har det blitt vurdert av staten. Det er myndigheitene som har ansvaret for dette systemet.

Framleis kritisk

Breidablik held fast på den sterke kritikken mot legemiddelindustrien.

– I USA har legemiddelindustrien fått milliardbøter for å bruke medisinar til andre ting enn det dei er meint å brukast på, men dei er så rike at dei ikkje bryr seg om det.