Hopp til innhold

Får støtte frå elveeigarar over heile landet

– Om eit vern ikkje betyr meir enn at ein plutseleg kan dumpe 250 millionar tonn gruveslam i ein slik fjord, då må noko vere feil.

Eiliv Erdal, elveeigar i Naustdal.

MASSIV STØTTE: Eiliv Erdal og resten av elveeigarane i Nausta får støtte frå elveeigarar over heile landet. – Det varmar for oss som meiner at vi må ha gruvedrift på ein miljømessig forsvarleg måte, og ikkje slik den er planlagt av Nordic Mining, seier han.

Foto: Håvard Heggen / NRK

Det seier Vidar Skiri, styreleiar i Rauma elveeigarlag og styremedlem i Norske lakseelvar.

Han var ein av mange elveeigarar som måndag var i Førdefjorden for å sjå på den nasjonale laksefjorden der Nordic Mining vil deponere gruveslam.

– Ingen kan svare på kva følgjer ei slik dumping i fjordsystemet vil ha på laks og aure, legg Skiri til.

Kan tape 270.000 kroner

Planane om å vinne ut rutil i Engebøfjellet i Naustdal engasjerer elveeigarar over heile landet. For litt lenger inne i fjorden ligg elva Nausta. Ei kjend og populær lakseelv – og ei biinntekt for grunneigarane.

SJÅ TV-SAK: I samband med landsmøtet i Norske lakseelvar vitja elveeigarar frå heile landet området der Nordic Mining vil deponere gruveslam i Førdefjorden. (FOTO/REDIGERING: STEINAR LOTE/NRK)

Grunneigarane seier at dei ikkje er i mot gruva, men fryktar at fjorddeponiet tek næringa frå smolten. Blir bestanden for liten, kan elva måtte stengast for fiske.

– Allereie no er vi nærme grensa til å måtte stengje elva. Må vi stengje taper eg kring 270.000 kroner i året. For ein mjølkebonde med ein snittleg stor vestlandsgard, så er det eit vere eller ikkje vere, seier Eiliv Erdal, ein av grunneigarane.

– Ein stad går grensa

Vegard Heggem

GIR IKKJE OPP: – Alle løyve er ikkje på plass, og vi vil kjempe så lenge det er teoretisk håp om å få stogga fjorddeponiet, seier Vegard Heggem i Norske lakseelver.

Foto: Johan Ante Utsi / NRK

Nordic Mining meiner utsleppsløyva er strenge, og at livet i fjorden ikkje blir påverka.

Vegard Heggem i Norske lakseelver tykkjer det er eit paradoks at politikarane først vernar fjordar og vassdrag, for så opne for deponi i dei same fjordane.

– Ein stad går grensa. Det ynskte også Stortinget då dei innførte nasjonale laksefjordar og laksevassdrag. No ser vi at enkelte ynskjer ein omkamp. Det kan vi ikkje akseptere. Dei særskilde laksestammane må vi verne om, seier han.

– Styresmaktene må på bana

Elveeigarane fryktar at eit deponi i Førdefjorden kan gjere det lettare for politikarane å akseptere fjorddeponi om ein finn verdifulle mineral ved andre nasjonale vassdrag.

– Føre var blir brukt i festtalar, men når det kjem til stykket er det botnlina til selskapa som tel, seier Tor-Erland Nilsen, elveeigar i Repparfjordelva i Finnmark.

Her er det planar om å vinne ut kopar, og fjorddeponi i Repparfjorden.

– Når smolten skal ut, så passerer den eit kjempeslamland. Repparfjorden er også eit viktig gyteområde for torsken. Her må styresmaktene på bana, så ein slepp dette i 2018, seier han.

Håpar framleis på nei

Heggem, Erdal og resten av elveeigarane ser positivt på grunneigarane i Engebø sitt alternative gruveprosjekt utan fjorddeponi. Eit prosjekt Nordic Mining ikkje ser realistisk.

Men som elveeigarane har håp til.

– Alle løyve er ikkje på plass og på bakgrunn av nye opplysningar om driftstid har parti gjort framlegg om at saka må vurderast på nytt. Det skal handsamast av komiteen no, og snart i Stortinget. Vi gir oss ikkje, seier Heggem.