Hopp til innhold

Får støtte etter kraftlinjeklage

Grunneigarane i Ålfoten i Bremanger har venta lenge på svaret frå Sivilombodsmannen. Når det no kjem får dei støtte og departementet blir no bede om å vurdere kraftlinjetraseen gjennom bygda på nytt.

Myklebustdalen i Ålfoten i Bremanger

KLAGA: Departementet har gitt klarsignal for å leggje kraftlina gjennom Myklebustdalen i Bremanger. Grunneigarar har klaga, og får no støtte frå Sivilombodsmannen.

Foto: Hilde Myklebust

Det er avisa Firda som tysdag skriv at Sivilombodsmannen no har komme med ein uttale i saka der grunneigarane i Ålfoten i Bremanger klaga på vedtaket om at den nye 420-kilovolt kraftlinja skal gå gjennom dalen deira.

Dei faglege råda frå Statnett, NVE og Fylkesmannen var at linja skulle gå gjennom Førdedalen, men departementet overkøyrde desse råda og la i staden linja gjennom Myklebustdalen i Ålfoten. Innbyggjarane vart svært forargar då dei var kjende med vedtaket før jul i fjor, og klaga vedtaket inn for Sivilombodsmannen.

Ifølgje Firda kom den første uttalen til sivilombodsmann Arne Fliflet i går. Avisa skriv at uttalen ikkje kan tolkast annleis enn at Fliflet meiner grunngjevinga frå departementet er syltynn. Olje- og energiminister Ola Borten Moe blir beden om å vurdere den omstridde kraftlinjetraseen på nytt.

I uttalen skriv han mellom anna følgjande ifølgje avisa Firda: «Med kun noen korte bemerkninger om vektlegging av hensynet til samlokalisering og hensynet til å samle inngrep i ett område, er det vanskelig å se hvordan departementet konkluderte som det gjorde».

Ole Jonny Myklebust Elde sin er talsmann for Myklebust Grunneigarlag seier til avisa at dei ventar at vedtaket blir gjort om. Dersom ikkje det skjer er dei budde på ei rettssak.