Hopp til innhold

Får store summar til helsesøstrer- betalar heller ned gjeld

Kommunane betalar ned gjeld i staden for å tilsette fleire helsesøstrer for statlege midlar kommunane har fått til dette føremålet.

Helsesøstrer.

OPPRØRT: Helsesøstrene Norunn Midthjell og Solveig Heggheim likar ikkje at kommunane prioriterer bort å tilsetje fleire helsesøstrer.

Foto: Bård Siem / NRK

Dette fortel Solveig Heggheim, fylkesleiar i landsgruppa for helsesøstrer.

I fjor fekk norske kommunar tilført 180 millionar kroner ekstra som skulle gå til å styrke helsesøstertenesta. I år får kommunane 380 millionar til dette føremålet.

– Tilbakemeldinga frå kommunane er alt frå at dei kan bruke midlane til det dei vil sidan midlane ikkje er øyremerkte, til at dei vil bruke midlane til å betale ned gjeld. Dette er for dårleg, seier Heggheim.

Manglar 1500 helsesøstrer

Ei undersøking utført av fagbladet Sykepleien viser at det på landsplan manglar om lag 1500 helsesøstrer for å kunne oppfylle Helsedirektoratet sine minimumskrav. Eksakt kor mange helsesøstrer som manglar i vårt fylke er ikkje Heggheim sikker på, men det er mange, hevdar ho.

Manglar tre helsesøstrer i Flora

Berre i Flora kommune manglar det tre helsesøster, fortel Norunn Midthjell i helsesøstergruppa i Flora. Ho likar ikkje situasjonen.

– Vi må vere meir tilgjengelege for barn og unge. Ungdom strevar mykje med psykososiale vanskar og treng ein synleg og tydeleg vaksen som dei kan ta kontakt med, ein person som ikkje er ein lærar eller deira eigne foreldre, seier ho.

Ungdom strevar mykje med psykososiale vanskar og treng ein synleg og tydleg vaksen som dei kan ta kontakt med.

Norunn Midthjell

Reagerer sterkt

KS-leiar i Sogn og Fjordane, Jenny Følling, sa i går at ho ikkje har inntrykk av at det førebyggjande kommunale helsearbeidet overfor barn og unge er for dårleg. Dette reagerer Midthjell på.

– Eg kjenner meg ikkje igjen i det Følling seier. Store midlar som skulle gått til barn og unge blir dessverre brukt til å betale ned gjeld eller til andre oppgåver i kommunane. Dei statlege midlane til fleire helsesøstrer må difor øyremerkast, seier ho.

Midthjell meiner politikarane i stor grad manglar kunnskap om kor viktig førebyggjande arbeid er for barn og unge.

Ordførar i Flora, Bengt Solheim Olsen (H), seier at han ikkje vil kommentere saka før han har fått sett seg betre inn i ho.