Hendinga skjedde under ein fotballkamp på Ullevaal stadion i april. Norges Fotballforbund har no gitt heimeklubben Vålerenga bot for måten supporterane oppførte seg på.
Dei kasta ein boks med snus og ein lighter på bana medan Sogndal-keeper Kenneth Udjus låg nede.
- LES OGSÅ:
Skjerpande forhold
Doms- og sanksjonsutvalet i NFF skriv at både allmennpreventive og individualpreventive omsyn gjer til at forholdet må sanksjonerast.
Dei legg i skjerpande retning vekt på at handlinga var retta mot ein spelar som låg nede med skade. Vålerenga har også tidlegare fått bøter for upassande oppførsel mellom Vålerenga-fansen.
Men Oslo-klubben får skryt for måten dei handterte saka på i etterkant og for at dei vil jobbe for å unngå liknande episodar i framtida.
Bot også til Rosenborg
Også Rosenborg har fått bot etter ein seriekamp mot Lillestrøm i april. RBK-supporterane avfyrte minst to bluss i denne kampen, noko som er forbode. For dette får trønderklubben 30 000 kroner i bot.
- LES OGSÅ: