Hopp til innhold

Får sterk kritikk etter brannen i Skatestraumstunnelen

Tunnelen står ikkje imot brannspreiing. Avrenninga er ikkje god nok. Risikovurderinga er for dårleg. Slik lyder kritikken som havarikommisjonen gir vegvesenet og fylkeskommunen etter den dramatiske brannen i Skatestraumstunnelen.

Skatestraumtunnelen og Gudvangatunnelen

FÅR KRITIKK: Etter brannen i Skatestraumstunnelen får Sogn og Fjordane fylkeskommune og Statens vegvesen kritikk.

Foto: Montasje / NRK

Vegeigar Sogn og Fjordane fylkeskommune og Statens vegvesen får kritikk for mangelfull oppfølging av tryggleiken i tunnelen, og for ikkje å ha hatt gode nok kontrollrutinar for køyretøy som fraktar farleg gods.

Det er Statens havarikommisjon for transport som har kome med rapporten etter at det brann 16 500 liter bensin inne i Skatestraumtunnelen 15. juli i fjor.

Grunnen til ulukka var at det oppstod ein lekkasje i ein tanktilhenger som losna frå bilen og som køyrde inn i tunnelveggen. Hengaren losna fordi tilhengerdraget braut saman etter korrosjon.

Havarikommisjonen si undersøking har avdekka svakheiter i tunnelen si evne til å stå imot spreiinga av brannen, som hadde eit omfang over 500 meter og som auka svært raskt.

Folka inne i tunnelen hadde berre to minuttar på å kome seg ut.

Havarikommisjonen meiner at oppfylginga av tryggleiken i tunnelen var mangelfull då det i risikoanalysar ikkje var skrive tiltak som kunne møte ein slik situasjon.

Havarikommisjonen anbefaler at det blir innført restriksjonar ved transport av farleg gods etter ein vurdering av forholda i den enkelte tunnel.

Skal følge opp

– Vi skal sikre at tilrådingane frå Statens havarikommisjon blir følgt opp, seier fylkesdirektør for samferdsle i Sogn og Fjordane, Dina Lefdal.

– Korleis skal de det?

– Det gjer vi i samarbeid med Statens vegvesen som er vår faginstans. Så må vi sjå nærare på kva på tilrådingar som havarikommisjonen kjem med.

– Er du overraska over konklusjonane frå havarikommisjonen for transport?

– Vi hadde venta at dei var kritiske til enkelte punkt.

Dina Lefdal

SKAL TA TAK: Dina Lefdal, fylkesdirektør for samferdsle i Sogn og Fjordane.

Foto: Noralv Pedersen / NRK


– Finst det midlar til å gjennomføre tiltaka det blir bedt om?

– Vi må sjå kva som er hensiktsmessig. Ein del av kritikken går på korleis vi varetar og følger opp risikovurderingar. Og dette med å vurdere restriksjonar om kva som skal køyre gjennom ein tunnel.

– Kommisjonen ber dykk vurdere restriksjonar i tunnelar, særleg for bilar med farleg gods. Let det seg gjennomføre?

– Vi har det jo alt på ferjene. Det kan godt tenkast at det er mogleg å gjennomføre det same i tunnelar. Dette er ein av tinga vi skal vurdere framover, seier Lefdal.

Skal sjå på tiltak

Avdelingsdirektør Svenn Egil Finden i Statens vegvesen seier Skatestraumstunnelen er oppgradert etter nye forskrifter for tryggleik i tunnelar.

– Då tunnelen vart bygd i 2002 vart den bygd etter krava som gjaldt då. Nye tunnelar skal ha mindre stigning. Vi kan ikkje utbetre stigninga i Skatestraumstunnelen. Då må vi bygge ny tunnel, noko som er lite aktuelt, seier Finden.

– Men kommisjonen seier avrenninga framleis er dårleg i tunnelen?

– Ved så store mengder med veske vil ikkje eit avrenningssystem klare å ta opp alt. Men vi skal no sjå på moglegheiter for ombygging, også sett opp imot risikovurderingane for tunnelen, seier Finden.