Hopp til innhold

Får statsministeren på kaffibesøk

Kari Nordeide får storfint kaffibesøk i torsdag kveld. Når dørklokka ringjer torsdag kveld, er det ingen ringare enn Statsminister Jens Stoltenberg.

Kari Marie Nordeide og Ingvild Tjugum

STOLT: Kari Marie Nordeide (t.v.) og dottera Ingvild Tjugum sprang for livet då store rasmassar velta nedover fjellsida.

Foto: Privat

Nordeide og dottera måtte springe for livet då store jord- og steinmassar kom veltande mot huset deira i Sandvika andre juledag.

I kveld kjem statsministeren for å høyre den dramatiske historia.

– Eg er stolt for å seie det rett ut, seier Nordeide.

Såg raset kome

Rasområde i Sandvika

VELTA NED: Rasområde i Sandvika.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

Orkan og store nedbørsmengder sette sitt preg på Vestlandet i romjula. Både vindkreftene til «Dagmar» første juledag og det påfølgjande kraftige regnet gjorde store skader.

Fleire kommunar vart utan straum og telefondekning. På eitt tidspunkt vurderte fylkesmannen å sende ordonnans, eller offisielt sendebod, for å nå kommunar ein ikkje hadde fått kontakt med.

Situasjonen var dramatisk også for innbyggjarane i Sandvika i Høyanger.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Video 5c08cb5a-f3f2-4e5b-96ae-92bb3f7486f1.JPG

SJÅ TV-SAK: Kari Nordeide og dottera Ingvild Tjugum måtte evakuere andre juledag.

– Vi høyrde lyden i fjellsida og berre sprang på dør. Eg såg raset oppe i elva. Det var slike mengder og fart, fortel Nordeide om den dramatiske kvelden.

Gav etter for press

Sjølv om Nordeide har fått flytta heim att og skadane i ferd med å bli utbetra, vil Statsminister Jens Stoltenberg få sjå skadane i grenda.

Statsministeren takka først nei til invitasjonen frå banksjef Arve Sandal i Sparebanken Sogn og Fjordane, men snudde etter massivt medietrykk.

HØYR:

Når Stoltenberg landar på Haukåsen i ettermiddag, blir han den tredje frå regjeringa som vitjar fylket etter stormen. Kommunalminister Liv Signe Navarsete og samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa har allereie vitja fleire kommunar i Nordfjord.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Video Berit fekk huset totalt rasert av "Dagmar"

SJÅ TV-SAK: Berit fekk huset totalt rasert av 'Dagmar'.

– Ikkje bra i krisetider

I Leikanger vil statsministeren møte representantar frå fleire stormråka kommunar, samt representantar frå Sogn og Fjordane, Hordaland og Møre og Romsdal fylkeskommunar. Også fleire statlege tilsyn deltek på møtet.

Ras ved Sandvika i Høyanger

RAS: Slik såg vegen ut etter raset i Sandvika.

Foto: Steinar Lote

Deretter går turen vidare til Høyanger der ordførar Petter Sortland har funne fram nokre velvalde ord.

– Det går litt på dette med beredskap, korleis naudetatar fungerer. Det er ikkje sikkert at all sentralisering er god service for innbyggjarane i krisetider, seier Sortland.

– Tok på strak arm

Skadane etter uveret er på fleire hundre millionar kroner. Berre i Høyanger reknar Sortland med at det er gjort skade for over to millionar kroner på veg, kommunale bygg og eigedom. Han vil be statsministeren auke potten til Naturskadefondet.

Før Stoltenberg reiser vidare til Førde og retur til tigerstaden, skal han innom Nordeide i Sandvika.

– Eg er ikkje den personen som likar å ha så store ting på gang, men det der tok eg på strak arm, seier Nordeide.

Video Uveret på vestlandet

SJÅ TV-SAK: Uver herja på vestlandet.