Hopp til innhold

Får starte jakta umiddelbart

Miljødirektoratet gjev løyve til jervejakt i Indre Sogn, så snart det dukkar opp spor etter jerven.

Jerv

JAKT: Jerven som herjar i Indre Sogn kan ikkje lenger kjenne seg trygg. Så snart ein ser spor etter han i nysnøen startar jakta.

Foto: BBC

– Dette er i samsvar med vårt ynskje, og eg håpar vi kjem i gang raskt. I fjor vart det gjort for seint, og dårlege vêrforhold øydela for jakta, seier leiar i rovviltregion 1, Noralv Distad.

No har dei fått den endelege stadfestinga frå Miljødirektoratet på at jakta etter den sky jerven kan starte så snart nysnøen har lagt seg og spora etter jerven gjer det mogleg å følgje etter.

– Det er ein del snø i fjellet no, men vi er avhengige av nysnø, slik at ein følgjer etter ferske spor og ikkje blir gåande på måfå, seier Distad.

Får felle fleire dyr

Sauer i Indre Sogn har særs mange og ublide møte med rovdyret. Samla vart det for sommaren søkt om erstatning for 99 sauer og 760 lam som følgje av jerv i Sogn og Fjordane.

Noralv Distad

NØGD: Leiar i rovviltnemnda for regionen, Noralv Distad, er glad for at Miljødirektoratet har gjeve løyve til umiddelbart jakt på jerv.

Foto: Bård Siem / NRK

– Eg har mista 76 dyr. Det er den mest fortvilande situasjonen eg har vore oppe i, fortalde sauebonde Ivar Molde i Lærdal, til NRK for kort tid sidan.

Han skildra sommaren som den verste dyretragedien nokon sinne.

– Eg hadde ikkje trudd det skulle bli så ille som det vart, sa bonden, då NRK besøkte han i sauefjøsen.

Også i sommar prøvde bønder i Årdal og Lærdal å få has på jerven, utan hell. Forvaltingsplanen for området er klar på at det ikkje skal vere rovdyr i regionen, men dei omflakkande rovdyra bryr seg lite om region- og fylkesgrenser. Kor mange dyr som er i området og som ein får løyve til å felle er førebels ikkje klart.

– Kvoten er sett til ti, og det er mange dyr vi meiner må takast ut. Fellingsløyve blir nok gjeve fortløpande alt etter kva spor ein ser, trur Distad.