Hopp til innhold

Får stadig nye meldingar om glatte vegar

Skal du ut å køyre søndag kveld? Ver obs på glatte vegar.

Riksveg 5 ved Svarthumle mellom Naustdal og Eikefjord

KAN VERE GLATT: Slik ser det ut på Svarthumle på riksveg 5 mellom Eikefjord og Naustdal søndag kveld.

Foto: Statens vegvesen

Det er den tydelege åtvaringa frå Vegtrafikksentralen i Lærdal.

Klokka 20 søndag kveld seier vaktoperatør Jan Erikstad at det kjem inn stadig nye meldingar om glatte vegar.

Han har fått inn meldingar frå ytre strok av fylket, frå blant anna Florø, Naustdal, Fjaler, Hyen og Nordalsfjorden-området.

– Det har regna litt og det frys på, så det er svært glatt mange stader, seier Erikstad.

Han ber alle som skal ut på vegane om å vere forsiktige.

Entreprenørane er ute for å gjere tiltak, men fleire stader gjer vêrforholda det vanskeleg. Det er underkjølt regn som frys på bakken med ein gong, seier Erikstad.