Hopp til innhold

Mange elevar med problem på skulen blir oppdaga for seint

Fleire elevar får spesialundervisning for seint. I verste fall kan dei gå heile barneskulen og ungdomsskulen utan å få den spesialundervisninga dei treng.

Illustrasjon

KAN TA TID: Nokre elevar blir ikkje fanga opp før dei har gått mange år på skulen. Difor kan det ta tid før dei får spesialundervisning. (Illustrasjonsfoto)

Foto: Åserud, Lise / SCANPIX

Dette kan vere uheldig for dei elvane det gjeld, meiner Hilde Hofslundsengen som tek ei doktorgrad i spesialpedagogikk.

– For nokre har det kanskje ført til at dei byrjar miste trua på seg sjølv. Dei trur at noko er gale med dei.

Blir fanga opp seint

Hilde Hofslundsengen er doktorgradsstipendiat ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Generelt er det ei auke blant elevar som får spesialundervisning, men mange får det for seint.

– Nokre ungar blir fanga opp tidleg og får hjelp allereie frå barnehagen. Men det er andre som ikkje blir oppdaga før dei byrjar på ungdomsskulen eller vidaregåande skule. Det kan mellom anna gjelde dysleksi.

I Sogn og Fjordane aukar delen elevar som får spesialundervisning for kvart årstrinn. I 7. klasse er det heile 13 prosent. Hofslundsengen meiner det kan vere fleire grunnar til det.

– Det kan vere avhengig av kva type vanskar dei har. Det kan vere ei vent og sjå-haldning som har rådd. Ein har sett at dei har hengt litt etter, men har håpa at dei skulle ta igjen dei andre elevane. Men så kjem dei på ungdomsskulen, der det er store faglege krav til dei, seier ho.

Er uroa over tala

Astrid Paulsen rådgjevar for kommunesektorens organisasjon (KS) i Sogn og Fjordane er bekymra over tala som syner auken i spesialundervisning for dei eldste elevane.

Omfanget av spesialundervisning har auka gjennom mange år, kanskje urovekkjande også. Det tek litt tid før ein ser at elevane treng ei spesiell oppfølging.