Hopp til innhold

Dei tilsette på Skjerjehamn er sagt opp - drifta er sett på vent

Alle dei tilsette ved Skjerjehamn har fått sparken. Ola Braanaas som eig den gamle handelsstanden stoppa drifta fredag.

Skjerjehamn

IKKJE DRIFT: – Dei tilsette hadde sin siste arbeidsdag fredag, seier Ola Braanaas. Han håpar nokon vil ta vidare drifta til sommaren.

Foto: Torbjørn Fardal / NRK

– Det stemmer at alle hadde siste arbeidsdag fredag. Det seier ein ordknapp Ola Braanaas i det han er på veg ut døra på andre gjeremål.

Braanaas opplyser at han kjøpte den gamle handelsstaden i 2005 for 20 millionar. Staden skulle brukast til båtturisme og kursstad.

Ola Braanaas og selskapet hans, Firda Eiendom, har lagt ned 40 millionar kroner i restaurering av bygningane og i å byggje opp ein stad med overnatting og servering med åtte-ti arbeidsplassar.

Mellom anna kjøpte han i 2007 den store statuen av Kong Olav som Oslo kommune ikkje ville ha og sette den opp like ved handelsstaden.

(Saka held fram under artikkelen)

Ola Brannas og Mikael Lundmark

OLAVSTATUEN: Då Oslo kommune ikkje ville ha statuen av Kong Olav kjøpte Ola Braanaas den og sette den opp i Skjerjehamn.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

I tillegg blir Utkantfestivalen arrangert i Skjerjehamn.

No håpar Braanaas at andre til vere interesserte i å drive staden vidare til sommaren att.

– Ja eg håpar nokon kan vere interesserte i å drive plassen vidare. Det håpar eg.