Hopp til innhold

Får skulefrukt frå utlandet - midt i den norske frukthausten

GAUPNE (NRK): I nærmiljøet ser dei frukttre som bognar over av norske eple, pærer og plommer. I skulefruktordninga får dei frukt frå andre enden av Europa.

Arve Bjørn Røneid

LANGREISTE PLOMMER: Arve Bjørn Røneid skulle gjerne sett at det var norske plommer som låg i vekas fruktkasse frå Bama.

Foto: Ragnhild Myklemyr / NRK

– Førre veke fekk me eplebåtar pakka i plast, truleg importert frå Italia. Og det midt i høgsesongen for frukt, seier Arve Bjørn Røneid, lærar ved Gaupne skule.

Epler i plast

KUTTA OG KLART: Det var dei porsjonspakka eplebitane i plast som fekk Røneid til å reagere.

Foto: Arve Bjørn Røneid

Skulen har tidlegare hatt ei lokal fruktordning finansiert av Luster kommune. Dei siste fire åra har dei nytta seg av Bama si «Skolefrukt»-ordning. Tilbodet sikrar skulen vekevise leveransar av frukt, som elvane kan velje å abonnere på.

– Me ønskjer å lære elevane våre om berekraft. Dei er vane med å kunne få eit eple i handa og ete det slik. Dei som har mat og helse som fag, plukkar dessutan frukt og grønt i nærområdet på denne tida. Då blir det ekstra rart at ein no får tilsendt ferdigkutta, importert frukt i plastposar, seier Røneid.

skulefrukt gaupne

FRUKT OG LEIK: Amanda, Hanna, Andrine og Vårin nyt plommer i haustsola på skuleplassen. Dei er godt nøgde med å få frukta dei får servert.

Foto: Ragnhild Myklemyr / NRK

Ved barneskulen i Gaupne abonnerer kring halvparten av elevane på ordninga. Ute på skuleplassen nyt Amanda, Hanne, Andrine og Vårin kvar si plomme i haustsola.

– Aller best likar me blåbær, pærer og nektariner, men frukt smakar godt uansett, konstaterer jentene.

Vil behalde tilbodet

Røneid presiserer at både elevar og lærarar i det store og heile er nøgde med tilbodet frå Bama.

– Me ser at elevane gjennom eit måltid frukt hentar ekstra energi til skuledagen. Difor håpar me å kunne halde fram med ordninga, og at den framover vil by på enda meir lokal sesongfrukt, seier Røneid.

Førre veke sende han ein e-post med ei klar oppmoding til leverandøren:

– Dei må klare å finne betre løysingar enn importfrukt på denne tida av året.

Norsk frukt like rundt hjørnet

Direktør for kommunikasjon og samfunnskontakt i Bama, Pia Gulbrandsen, har gode nyhende til Røneid.

– Den lokale avdelinga vår melder at fantastiske pærer frå Sognefrukt inngår i skulefruktordninga frå neste veke og fram mot byrjinga av desember.

Gulbrandsen presiserer at dei er opptekne av at fruktkorgene skal innehalde smaksrik og god norsk frukt, men at det er fleire faktorar som spelar inn på kva dei leverer.

– Frukta må vere robust nok til å tole romtemperatur hos sluttbrukar og ikkje vere for sensitiv mot støytskadar.

Plommer er blant fruktsortane som ikkje klarer seg så godt. Dei toler ikkje å ligge saman med eple.

– Og dei er veldig sårbare for støytskadar, handtering og distribusjon. Norske plommer er likevel noko me ønskjer å tilby, og me håpar å finne gode løysningar til komande sesongar, seier Guldbrandsen.