Hopp til innhold

Får skjenn på heimebane etter dette

Hemsedal-ordførar Oddvar Grøthe (nummer to frå høgre) må tole kraftig kritikk for at han i går var med på ein stor vegkonferanse i Førde, det skriv Hallingdølen. Grøthe er med i ein allianse med blant anna fylkesordførar Jenny Følling i Sogn og Fjordane. Alliansen jobbar for å få riksveg 52 Hemsedalsfjellet og E134 Haukelifjell med arm til Bergen som dei to hovudvegane mellom aust og vest. Dette fell ikkje i god jord blant fleire av Grøthe sine nabo-ordførarar.

F.v: Arne Bergsvåg, Jenny Føllin, Arnfinn Førsund, Oddvar Grøthe, Svein Tore Løkslid
Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK